Tidebok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tidebok frå 1325-1328 for Jeanne d’Evreux

Tidebok, tidebøker, (latin horae; fransk Les Heures eller Livre d'heures; engelsk Primer eller Book of Hours; tysk Stundenbuch, Stundenbücher; italiensk libri d'ore) er nemninga på ein type bønebøker som kom til i Europa i om lag året 1200 som eit hjelpemiddel for lekfolk når dei skulle gjere sine private andaktar. Dei kunne vere rikt illustrerte, som tideboka Les Très Riches Heures du duc de Berry syner eit av dei mest framifrå døma på.