Tiden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om avisa Tiden. For forlaget Tiden, sjå Tiden Norsk Forlag.

Tiden, et offentlig Blad af blandet Indhold, ofte berre omtala som Tiden, var ei av dei første nyheitsavisene i Noreg. Ho vart utgjeven frå 28. januar 1808 i Christiania (Oslo) av Niels Wulfsberg. Wulfsberg hadde dessutan med seg Christian Døderlein i redaksjonen. Tiden hadde ein slags forløpar i avisa Efterretninger og Opmuntringer angaaende de nærværende Krigsbegivenheder, som Wulfsberg gav ut 43 nummer av mellom midten av august og desember same år. Wulfsberg tok initiativ til sine avisprosjekt etter at det oppstod ein informasjonsmangel i Christiania då avisene frå København ikkje kom fram grunna den britiske blokaden av Noreg under Napoleonskrigane. Noko liknande skjedde i Kristiansand, der Christian Sørensen tok initiativ til avisa Bellona, som kom ut ifrå 1. september 1807.

Tiden kom ut to gonger vekentleg mellom 1808 og 1811, då avisa gjekk inn grunna maglande omsetning og dyrtidpapir. Wulfsberg var tidvis uforsiktig i si redaksjonelle verksemd, og bladet prenta tidvis nyhende og tekstar som styresmaktene mislikte.[1] Mellom anna gav han den 29. januar 1810 ut eit nummer som i det fulle var dedisert til Christian August, då arvtakar til den svenske trona.[2] Seinare dette året fekk han då òg ei åtvaring frå Frederik VI om at stoffet i avisa var utåleleg. Wulfsberg kunne derimot kunsten å snu kappa etter vinden, og ved å leggja om stilen til å bli fullstendig regimelojal klarte han å oppnå stønad frå statthaldar Christian Frederik i 1813, slik at han kunne starta opp igjen.[3] Redaktør Wulfsberg vart såleis ifølgje pressehistorikar Svennik Høyer etter kvart «vekselvis betalt og overtalt av de politiske hovedaktørene».[4]

I 1814 gjekk Tiden inn igjen, men året etter kom Den norske Rigstidende ut, som eit framhald av avisa. Òg denne avisa, som vart gitt ut til 1832, vart redigert av Wulfsberg og Døderlein, men med Døderlein som den mest sentrale aktøren denne gongen. Wulfsberg grunnla dessutan i 1819 Morgenbladet saman med Maurtiz Chr. Hansen, og i 1832 kom ei ny avis med namnet Tiden ut. Denne gongen låg redaksjonen i Drammen, og denne avisa lever i dag vidare som Drammens Tidende.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Svennik Høyer, Pressen mellom teknologi og samfunn: norske og internasjonale perspektiver på pressehistorien fra Gutenberg til vår tid (Oslo: Universitetsforlaget, 1995), 136.
  2. Øystein Idsø Viken, Makt mellom linene: makt og allmente i Noreg 1807–1814, masteroppgåve ved Universitetet i Oslo, våren 2010, 81
  3. Henrik Grue Bastiansen og Hans Fredrik Dahl, Norsk mediehistorie (Oslo: Universitetsforlaget, 2008), 79.
  4. Høyer, Pressen mellom teknologi og samfunn, 150.