Tidens Krav

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tidens Krav er ei lokalavis som blir gjeven ut i Kristiansund i Møre og Romsdal. Avisa dekkjer hovudsakleg nordmørsdistriktet, som består av 11 kommunar. Ho var tidlegare eit organ for Det norske Arbeidarpartiet. Tidens Krav konkurrerte tidlegare med Nordmørsposten (tidlegare Romsdalsposten).

Dei første opplaga blei trykte i 1906. Sjefredaktør i 2007 er Jan-Erik Larsen.

Avisa eig TV Nordvest

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag
2000 15 880
2001 15 689
2002 15 523
2003 15 485
2004 15 309
2005 15 028
2006 15 150
2007 15 412
2008 15 281
2009 14 900
2010 14 605
2014 12 302

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.