Tidleg kambrium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Viktigaste hendingar i
kambrium
sjå • diskuter • endre
-545 —
-540 —
-535 —
-530 —
-525 —
-520 —
-515 —
-510 —
-505 —
-500 —
-495 —
-490 —
Neoproterozoikum
(Siste æra i prekambrium)
Paleozoikum
(Første æra i fanerozoikum)
Ein tilnærma tidsskala for dei viktigaste hendingane i kambrium.
Den kambriske eksplosjonen fann stad i nedre kambrium, men kor lenge han varte er ukjend.
Skala: millionar av år sidan.

Tidleg kambrium eller nedre kambrium (òg kalla caerfai, waucobium eller georgium) er den første av tre geologiske epokar i kambrium. Han varte i perioden som starta for 542 ± 0,3 millionar år sidan og varte til 513 ± 2 millionar år sidan. Den kambriske eksplosjonen der særs mange fleircella organismar starta å dukke opp skjedde under tidleg kambrium. Tidleg kambrium er vidare delt inn i to aldrar som ikkje har fått namn av ICS.

Tidleg kambrium var ei tid med ekstrem endringar både for livet på jorda (som den kambriske eksplosjonen) og i det geologiske landskapet (som oppdelinga av superkontinentet Pannotia). mange enkle spor etter markar byrja å verte vanlege i tidleg kambrium og sein i ediacara, perioden før, men dei vart raskt etterfølgd av små primitive skaldyr kalla småskaldyrsfaunaen som blømde i slitten av edicara og i byrjinga av tidleg kambrium. Småskaldyrfaunaen vart etter kvart erstatta av den meir komplekse tommotiske faunaen. Ein kjenner ikkje så godt forholdet mellom den faunaen og den moderne faunaen, men han døydde fort ut og vart erstatta av den meir moderne faunaen som følgde den kambriske eksplosjonen. Med den kambriske eksplosjonen dukka dei fleste moderne dyrerekkjer opp, i tillegg til mange som døydde ut.

Superkontinentet Pannotia delte seg opp tidleg kambrium for rundt 540 millionar år sidan og vart til dei mindre kambriske kontinenta Laurentia, Baltica og Siberia. Dei grunne havområda i tidleg kambrium forma eit gjestmildt miljø for livet, som gjorde at lyset lett nådde sjøplantene, og som igjen gjorde at dei vart særs mangfaldige og etter kvart byrja å byggje korallrev. Dei første trilobittane, ei viktig leddyr, dukka opp i tidleg kambrium og skulle utvikle seg stort dei første fire periodane av paleozoikum.

Dei første medlemmene av glasssvampar dukka opp tidleg kambrium.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Budd, G.E.; Peel, J.S. (1998). «A new xenusiid lobopod from the Early Cambrian Sirius Passet fauna of North Greenland» (PDF). Palaeontology 41: 1201-1213. 
Kambrium
Tidleg kambrium Mellomkambrium Furongium
Alder 1 | Alder 2 Alder 3 | Alder 4 | Alder 5
Alder 6 | Alder 7
Paibium | Alder 9
Alder 10