Tieling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa av (gul) i Liaoning

Tieling (kinesisk: 铁岭; pinyin: Tiělǐng) er eit byprefektur nord i den kinesiske provinsen Liaoning. Byprefekturet har eit areal på 12 966 km² og hadde vel 3 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Tieling omfattar to distrikt (区 ), to byfylke (市 shì) og tre fylke (县 xiàn).

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Tieling er eit område med multietnisk befolkning, der majoritetsfolket han lever tett saman med ulike minoritetar. Til saman utgjer minoritetane av mandsjuar, koreanarar, mongolar, hui-folk, xibo, uigurar, samt russarar 23,2% av det samla folketalet.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Tieling er stoppestad på den viktige jarnvegen Jinghabanen som strekker seg frå Beijing til Harbin via mellom anna Tianjin, Tangshan, Shenyang og Changchun.

Kinas riksveg 102 går gjennom området. Han tek til i Beijing og fører gjennom provinsane Hebei, Liaoning, Jilin og Heilongjiang. Undervegs til Harbin er Vegen innom byane Qinhuangdao, Shenyang og Changchun.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]