Tiend

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tiend er ei skatteform der ein betaler ein tidel av inntekta si til eit kyrkjesamfunn eller liknande religiøst samfunn ein gong årleg.

Vi kjenner tiend frå det antikke Midt-Austen, mellom anna frå Babylon. Det gamle testamentet har fleire skildringar av tiend til dømes 1 Mos 14, 18-20, der Abraham betaler tiend til kong Melkisedek, og 3 Mos 27, 30, kor israelittane vert pålagt å betale tiend til JHVH. Og i 5 Mos 14, 22 står det «Kvart år skal du gje tiend av alt det som veks på marka.».

Praksisen vart òg tatt i bruk i kristne kyrkjesamfunn. Først var det ikkje noko formalisert tiendsystem, men idéen var nemnt på fleire kyrkjemøte fram til han vart godteken av pave Hadrian I i 787. I nokre kristne trussamfunn praktiserer ein framleis tiend som ei sjølvvald religiøs handling, det vil seie at medlemmene frivillig betaler 1/10 av inntekta si til kyrkja.

Tiend som norsk skatteordning[endre | endre wikiteksten]

I Noreg vart tiend sett i verk under styret til Sigurd Jorsalfar (1103-1130). Skatten gav alle påbod å betale 1/10 av innkome til kyrkja. Tienda vart så fordelt med ¼-del kvar på kyrkja, biskop, prest og fattige. Korntienda skulle betalast av bruttoavlinga, som kvart tiande kornband på åkeren, men berga, ført i hus og treska av skattytaren.

Kongetiend[endre | endre wikiteksten]

Som ei følgje av reformasjonen i 1536 og kyrkjeordinansen av 1537 skulle tienda delast på tre, ved at parten som hadde gått til dei fattige, bondeparten, fall bort. Bispen sin part tilfall etter den tid kongen. Ved lovbod frå 1801 vart kongetienda gjort om til ei grunnbyrde på fast eigedom, som vart betalt inn «in natura» etter kapitaltakst eller i reine pengar. Først i 1918 vart grunnbyrden sett ut av kraft.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]