Eldlandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tierra del Fuego)
Kart over Eldlandet, med innteikna landegrenser.

Eldlandet (spansk Tierra del Fuego) er ei øygruppe i Patagonia som dannar sørspissen av Sør-Amerika. Eldlandet er ein av dei sørlegaste stadene på jorda der det bur folk. Øygruppa har lenge vore folkesett av innfødde folkestammer, men vart oppdaga av Fernando Magellan i 1520. Dei innfødde stammene er i dag nesten utrydda på grunn av konfliktar med dei kvite og epidemiar av sjukdomar som dei kvite innførte. I moderne tid er øygruppa delt mellom dei to statane Argentina og Chile.

Skilt som ynskjer velkomen til den chilenske delen av Storøya i Eldlandet.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Den vestlege delen av Eldlandet tilhøyrer Chile. Denne delen tilsvarer to tredjedelar av arealet, og ligg i dei tre provinsane Magallanes, Tierra del Fuego og Antártica Chilena. Alle tre høyrer til Región de Magallanes y de Antártica Chilena. Den siste tredjedelen i aust ligg innanfor grensene til Argentina, i provinsen Tierra del Fuego, Antártida e Islas del Atlántico Sur. Det omfattar i praksis austdelen av Storøya, Estados-øya samt nokre mindre småøyar, til dømes Gable-øya.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Eldlandet er skild frå fastlandet i nord ved Magellansundet, og øygruppa dekkjer 73 746 km². I øygruppa ligg øyar av alle storleikar, heilt ned til små holmar og skjer. Den klårt største av øyane er Storøya i Eldlandet som er delt mellom dei to landa. Deretter fylgjer Hoste-øya og Santa Inés-øya. Ein del av øyane i Eldlandet ligg nord eller sør for Beaglekanalen som strekkjer seg sør for Storøya heilt frå Atlanterhavet til Stillehavet. Nokre øyar ligg lenger nordvestover mot Magellansundet og fastlandet på Chile. Den einaste øya aust for Storøya er Estados-øya, som tilhøyrer Argentina. Lengst sør ligg Hermite-øyane med den vesle Hornos-øya. Sørneset på Hornos er Kapp Horn, det sørlegaste punktet på øygruppa.

Øyane etter geografisk plassering[endre | endre wikiteksten]

Kart over Eldlandet, med spanske øynamn.

Aust[endre | endre wikiteksten]

Sør[endre | endre wikiteksten]

Nordvest[endre | endre wikiteksten]

Langs Beaglekanalen[endre | endre wikiteksten]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Fjellkjeda Cordillera Darwin i 2006.

Fjellkjeda Andesfjella går heilt ned på Eldlandet. Det høgaste punktet på øyane er Monte DarwinStorøya, 2 468 m.o.h. Naturen på Eldlandet er elles prega av fjordar, brear, sund og bukter. Norddelen av Storøya er ei stor vidde. Vêrlaget er subpolart havklima med korte, kjølige somrar og lange, våte, vintrar. I nordaust er det ofte kraftige vindar og lite nedbør. I sør og vest blæs det ofte, og elles med mykje skodde og væte det meste av året. Berre få dagar er utan regn, sludd, hagl eller snø. Snøgrensa ligg kring 700 meter over havet. Dagtemperaturen er omtrent den same heile året. Også om sommaren kan det snø.

Flora[endre | endre wikiteksten]

Seks artar av tre finst på Eldlandet: Canelo (Drimys winteri), Maytenus magellanica, pilgerodendron (Pilgerodendron uviferum), som er den bartrearten som veks lengst sør på kloten, samt tre artar av sørbøkfamilien (Nothofagus antarctica, Nothofagus pumilio og det eviggrøne Nothofagus betuloides). Skogar finst nokså nær sørspissen av Sør-Amerika. I dei opne strekka i desse skogane veks chilejordbær (Fragaria chiloensis) og ein berberis (Berberis buxifolia). Ein har hausta desse frå før øyane blei folkesette av europearar.

Spirar av tresortar frå Eldlandet har vorte utplanta på stader med eit samanfallande klima. Eit døme på dette er det trelause Færøyane. Frø frå dei kjøligaste plassane på Eldlandet har vore nytta i treplanting på Færøyane, med positiv utkome. Dei kraftige vindane og kjølige somrane på Færøyane hindra veksten til tresortar frå andre stader i verda. Trea vert på Færøyane nytta som prydbuskar og vindskjermar, og til å kjempe mot jorderosjon.

Sjøløver på Navarino-øya.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Av fuglar på Eldlandet finst papegøyar, måsar, isfuglar, kondorar, ugler, kolibriar, karakaraer og kongepingvin. Ildefonso-øyane i sør er viktige hekkeområde for klippehopparpingvin, magellanpingvin, svartbrynalbatross, gråhovudalbatross, knoppskarv og grålire.

Aure er eit vanleg fiskeslag på Eldlandet og det finst fleire typar sel, sjøløve og sjøpattedyr. Landpattedyra som lever naturleg her er guanako og rev. I dag finst det store mengder tamsau her òg. I 1940-åra vart 50 eksemplar av amerikansk bever innførte til Eldlandet for å verte brukt som pelsdyr. Beverstammen tel no over 200 000 dyr. Dyra har ingen naturlege fiendar på Eldlandet, og dei har difor gjort stor skade på skogane her. Dessutan veks ikkje søramerikanske tre ut att på same måten som tre på den nordlege halvkula, noko som forverrar skaden. Både Chile og Argentina har difor laga ein plan for å utrydde beveren frå Eldlandet.[1]

Folketal[endre | endre wikiteksten]

Både Chile og Argentina har tettstader på Eldlandet. Ushuaia (Argentina) har ca. 60 000 innbyggjarar og vert rekna som den sørlegaste byen i verda.[2] Rio Grande (Argentina) har ca. 67 000 innbyggjarar[3] og Porvenir i Chile har ca. 5400.[4] Alle desse byane ligg på Storøya, men på Navarino-øya ligg Puerto Williams (Chile) med ca. 2000 innbyggjarar.[5] Andre busette øyar er Dawson-øya (ca. 300)[6] og Clarence-øya (ca. 5)[7]Hornos-øya driv Chile ein marinestasjon;[8] Argentina likeeins på Estados-øya.[9] Sauehald, turisme og oljeutvinning er viktig i næringslivet på Eldlandet.

Selk'nam-born i 1898.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eldlendarane[endre | endre wikiteksten]

Menneske kan ha busett seg på Eldlandet så tidleg som 8000 år f. Kr. Ein deler dei innfødde, eldlendarane, inn i fire etniske grupper: chono, alakaluf, yahgan og ona-folket. Ona-folket kan vidare delast inn i gruppene selk'nam og haush. Dei tre fyrstnemnde gruppene jakta skjel, fugl, sjødyr og fisk ved hjelp av borkbåtar og lette farkostar. Ona-folket reiste også inn i landet på jakt etter landpattedyr, gjerne gnagarar, ved hjelp av pil og boge. Eldlendarane laga seg reiskapar av bein, skjel, stein og brukte nett og feller. Trass i eit kaldt klima brukte dei berre små skinnklede, gjerne av sjøløveskinn. Ei samling med gjenstandar frå eldlendarane kan i dag sjåast på etnografisk samling ved Universitetet i Oslo.

Europeisk oppdaging[endre | endre wikiteksten]

Fernando Magellan sigla gjennom Magellansundet som fyrste europear i 1520, kalla han landet han såg for Tierra de Humos - Røyklandet. Han såg røyk frå mange bål langs strendene og skjøna at det budde folk der. Då Keisar Karl V fekk høyra om landet, skal han ha sagt «Ingen røyk utan eld!», og endra namnet til Eldlandet.[10] Seinare sjøfararar som Francis Drake og Francisco de Hoces fastsette at det dreidde seg om ei øygruppe. Argentina og Chile vart begge sjølvstendige land i 1810-åra. Eldlandet tilhøyrte frå no av dei nyoppretta statane, som begge var interesserte i å overta heile øygruppa.

Robert FitzRoy tok med seg fire eldlendarar frå yahgan-folket då han vitja landet i 1830 på si fyrste sjøreise med HMS Beagle. Dei opphavlege namna til tre av dei var El'leparu, O'run-del'liko og Jok'kushly, men britane gav dei nye namn som var lettare å uttala: York Minster, Jemmy Button, Fuegia Basket og Boat Memory. Boat Memory (det indianske namnet hans er gløymt) døydde av koppar kort etter at båten kom fram til England. Dei andre tre vart førte til London og vist fram for kong Vilhelm IV og dronning Adelaide. Eitt år seinare vart dei sende tilbake til Eldlandet med «Beagle».[11] Då var både FitzRoy og Charles Darwin med på ferda.

Eit minefelt etter Beagle-konflikten i den chilenske delen av Eldlandet, 2006.

Gullrush og kolonisering[endre | endre wikiteksten]

Til liks med mange indianarstammer i Amerika, fekk eldlendarane eit tragisk møte med dei kvite. Mange eldlendarar døydde av sjukdomar som vart innførte av dei kvite, medan andre regelrett vart utrydda. Då det vart funne gull på Eldlandet i 1870- og 1880-åra, starta eit gullrush og mange kvite nybyggjarar tok seg til på Storøya i Eldlandet.[12] Særleg då dei kvite starta med sauehald på store landområde, kom det til sterke konfliktar mellom dei kvite og dei innfødde. Dette førte til ei etnisk utreinsking av selk'nam-stamma av di store selskap betalte 1 pund for kvar selk'nam ein greidde å drepa.[13] Mange frå dei andre stammene er også forsvunne, men stammene yaghan[14] og alakaluf[15] eksisterer framleis i Chile eller Argentina i dag. Det finst også mange mestisar, men den opphavlege kulturen og språket er sterkt redusert. Nokre menneske frå yaghan-folket er framleis busett på Navarino-øya.

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Etter ein kontrakt frå 1881 vart Eldlandet delt mellom Chile og Argentina. Fleire nye busetnader vart grunnlagde på Storøya og Navarino-øya ettersom gullrushet heldt fram. Etter andre verdskrigen vart Eldlandet strategisk viktig for å fremja Chile/Argentina sine interesser i Antarktis. Usemje om råderetten over dei folketomme øyane Picton, Lennox og Nueva, førte landa inn i den langvarige Beagle-konflikten som eskalerte i 1960- og -70-åra, før ein fredsavtale vart underskriven i november 1984.[16] Den argentinske delen av øygruppa vart gjort til ein eigen provins i Argentina i 1990; provinsen Tierra del Fuego, Antártida e Islas del Atlántico Sur.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Wikipediaartiklane lista opp under er alle vitja den 12. juni 2012. Informasjonen som er henta herifrå, dreier seg stort sett om folketal, årstal eller enkle geografiske opplysningar.