Tierra del Fuego, Antártida e Islas del Atlántico Sur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For den chilenske provinsen, sjå Provinsen Tierra del Fuego.
Provincia de Tierra del Fuego, Antártida e Islas del Atlántico Sur
Geografisk plassering

Provins i Argentina

Hovudstad Ushuaia
Flatevidd

 - Rangering i Argentina

21 263 km²

23.

Folketal (2010)

 - Rangering i Argentina
 - Folketettleik

126 190

24.
5,8/km²

Grunnlagd 1990
Offisielle språk Spansk
Guvernør Fabiana Rios
Nettstad www.tierradelfuego.gov.ar
Flagg Våpen
Flagg Våpen

Provincia de Tierra del Fuego, Antártida e Islas del Atlántico Sur er den sørlegaste av dei 24 provinsane i Argentina. Den norske omsetjinga av namnet blir: «provinsen Eldlandet, Antarktis og dei søratlantiske øyane,» noko som reflekterer Argentina sitt krav om eigarskap over m.a. Falklandsøyane.

Areal[endre | endre wikiteksten]

Provinsen omfattar den austlege, argentinske delen av Storøya i Eldlandet og heile Estados-øya. I praksis er det dette landområdet Argentina per i dag rår over i provinsen. I tillegg dekkjer provinsen Argentina sitt krav over Falklandsøyane, Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane og Argentinsk Antarktis. Kravet om Argentinsk Antarktis er underlagt Antarktistraktaten, og kan difor ikkje resultera i nokon eventuell konflikt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg på 1800-talet, då både Chile og Argentina vart sjølvstendige statar, var begge landa interesserte i å overta eigarskapen over heile øygruppa Eldlandet. Ikkje før i 1881 vart det vedteken ei grense mellom landområda til dei to statane. Storøya i Eldlandet, den viktigaste og mest folkerike av øyane, vart delt på midten. Bortsett frå det fekk Argentina om lag ein tredjedel av øygruppa medan Chile fekk to tredjedelar. Argentina etablerte ei lokalregjering for sin del av øygruppa i 1884.

På 1900-talet kom det til ein langvarig konflikt over tre strategisk plasserte, men folketomme øyar, Picton, Lennox og Nueva. Ifylgje grenseavtalen var øyane chilenske, men Argentina meldte si interesse for øyane så tidleg som 1904. Chile var ikkje interesserte i å gje frå seg øyane, og konflikten toppa seg etter andre verdskrigen, særleg i 1970-åra. I 1980-åra kom pave Johannes Paul II inn som meklar, og dei to partane greidde å arbeida seg fram til ein avtale som begge kunne godta. Ein fredsavtale vart underskriven i november 1984. [1] Kort tid seinare, i 1990, oppretta Argentina Eldlandet som den yngste av provinsane sine.

Busetnader[endre | endre wikiteksten]

Argentina har tre større busetnader i provinsen. Det er hovudstaden Ushuaia, Rio Grande på Eldlandet og Tolhuin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]