Tifotkreps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tifotkreps
Nephrops norvegicus.jpg
Sjøkreps (Nephrops norvegicus).
Vitskapleg namn
Decapoda
Utbreiing
Habitat: hovudsakleg akvatisk
Systematikk
Rike: Dyr
Rekkje: Leddyr
Crustacea
Klasse: Storkreps

Tifotkreps er ein orden krepsdyr innanfor storkreps-klassa. Gruppa omfattar ei rekkje kjende dyr, m.a. krabbar, hummer, kreps og reker. Mange av artane er åtseletarar.

Anatomi[endre | endre wikiteksten]

Tifotkreps har, som namnet tilseier, ti gangbein. Desse sit på dei fem bakerste segmenta på thorax, mellomkroppen. Ofte, som hjå krabbar og kreps, er det første paret av desse omdanna til klør.

Klassifikasjon[endre | endre wikiteksten]

Tifotkreps vert klassifisert i to underordenar (Dendrobranchiata og Pleocyemata) ut frå strukturen på gjellene og beina, og ut frå måten larvane utviklar seg. Dendrobranchiata omfattar rekeliknande dyr med greina gjeller, medan Pleocyemata omfattar andre reker, krabbar, kreps og liknande.

Etter Martin & Davis[1] kan tifotkreps delast inn i følgjande underordenar og overfamiliar:

Ekte reker (Caridae)
Krabben Helice tridens
Kreps (Astacidea)
Eremittkrepsen Sala maremagnum
Enoplometopus daumi.

Orden Decapoda Latreille, 1802

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tifotkreps

Kjelder[endre | endre wikiteksten]