Tigerauge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tigerauge

Polert tigerauge
Generelt
KategoriMineral
Kjemisk formelSilika (silisiumdioksid, SiO2)
Identifikasjon
FargeGylden til raud-brun
Mohs hardleiksskala7.0
Glanssilkeaktig
Spesifikk vekt2.64 – 2.71

Tigerauge er ein ugjennomsiktig, brungul til gulbrun smykkestein med karakteristiske band og silkeglans. Han består av eit finkorna kvartsaggregat gjennomsatt av forvitra amfibolenåler. Han er danna ved at kvarts har erstatta ein asbestaktig amfibol (krokidolitt). Der amfibolnålene er friske, er steinen blågrå og blir då kalla falkauge. Den viktigaste førekomsten finst i Sør-Afrika.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]