Tikhvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tikhvin
Тихвин
Flagget til Tikhvin Byvåpenet til Tikhvin
Flagget til Tikhvin Byvåpenet til Tikhvin


Plassering
Tikhvin is located in Russland
Tikhvin is located in Leningrad oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Leningrad oblast
Først nemnd i
Bystatus
1383
1773
Borgarmeister Konstantin Polnov
Geografi
Flatevidd
 - By

24 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

60 754
  2 531,4 /km²
Koordinatar 59°38′00″N 33°30′00″EKoordinatar: 59°38′00″N 33°30′00″E
Høgd over havet 50 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 18755x
Retningsnummer (tlf) (+7)81367
Nettstad: tikhvin.org

Tikhvin (russisk Ти́хвин, finsk Tihvinä) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg 200 km aust for Sankt Petersburg ved elva Tikhvinka.

Byen er første gong nemnt i skriftlege kjelder i 1383. På 1400–1500-talet var han eit viktig religiøst senter nordvest i Russland. Bystatus fekk han i 1773.

Maria himmelfart-katedralen i Tikhvin

Tikhvin er kanskje mest kjent internasjonalt som fødestaden til komponisten Nikolaj Rimskij-Korsakov (1844-1908).

I den andre verdskrigen vart byen erobra i november 1941 av styrkar frå den tyske Armégruppe Nord, men dei tapte byen att etter ein månad, då dei sovjetiske motåtaka vart for sterke. Tikhvin markerte den lengste framrykkinga til Armégruppe Nord under heile krigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]