Tikken Manus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ida Nikoline Lie Lindebrække Manus (28. juni 191412. oktober 2010) var ei norsk motstandskvinne, òg berre kjend som «Tikken». Under krigen arbeidde ho ved den engelske legasjonen i Stockholm. For sin innsats under krigen vart ho påskjønna med Haakon VII Fridomsmedalje.

Tikken vart fødd i Bergen og var dotter av Gjert Lindebrække og Ida Bessesen Lie. Ho gifta seg fyrst med den engelske diplomaten George Bernandes og dei fekk sonen George saman. Seinare gifte ho seg på ny med den kjende motstandsmannen Max Manus den 22. mars 1947. Saman fekk dei to born, Max og Mette. Dei busette seg på Landøya i Asker kommune, der dei vart busett ut livet.

Boka Tikken Manus - sabotørenes hemmelige medspiller kom ut i 2009. Tikken døydde tysdag formiddag 12. oktober 2010 - 96 år gamal. Ifølgje familien hennar døydde ho fredeleg, etter eit kort sjukeleie.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]