Til ungdommen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kringsatt av fiender, gå
inn i din tid!
Under en blodig storm –
vi deg til strid!

Kanskje du spør i angst,
udekket, åpen:
hva skal jeg kjempe med,
hva er mitt våpen?

Her er ditt vern mot vold,
her er ditt sverd:
troen på livet vårt,
menneskets verd.

For all vår fremtids skyld,
søk det og dyrk det,
dø om du må – men:
øk det og styrk det!

Stilt går granatenes
glidende bånd.
Stans deres drift mot død,
stans dem med ånd!

Krig er forakt for liv.
Fred er å skape.
Kast dine krefter inn:
døden skal tape!

Elsk – og berik med drøm –
alt stort som var!
Gå mot det ukjente,
fravrist det svar.

Ubygde kraftverker,
ukjente stjerner –
skap dem, med skånet livs
dristige hjerner!

Edelt er mennesket,
jorden er rik!
Finnes her nød og sult,
skyldes det svik.

Knus det! I livets navn
skal urett falle.
Solskinn og brød og ånd
eies av alle.

Da synker våpnene
maktesløs ned!
Skaper vi menneskeverd,
skaper vi fred.

Den som med høyre arm
bærer en byrde,
dyr og umistelig,
kan ikke myrde.

Dette er løftet vårt
fra bror til bror:
vi vil bli gode mot
menskenes jord.

Vi vil ta vare på
skjønnheten, varmen –
som om vi bar et barn
varsomt på armen!

Nordahl Grieg[1]

«Til ungdommen» (med opningsorda «Kringsatt av fiender») er eit dikt av Nordahl Grieg. Diktet vart skrive i 1936 på oppmoding frå Trond Hegna, som ville ha eit dikt med patos og appell til opninga av Studentersamfundet i 1936, i lys av åtaket Franco hadde gjort på den lovlege regjeringa i Spania.[2]

Grieg skal ha skrive diktet under eit opphald i ei uthamn i Ny-Hellesund i Søgne. Diktet har 14 vers (strofar), kvart på fire korte liner. Otto Mortensen sette tone til diktet seksten år seinare, i 1952. Melodien er skriven slik at eitt vers av songen har åtte liner, og altså omfattar to vers av diktet. I nyare tid er det gjort ei rad innspelingar av Til ungdommen. Kim Larsen gjorde i 1979 songen til ein populær slager i Danmark.

Som allsong er Til ungdommen nytta av mange ulike organisasjonar. Då vert ofte vers 7 og 8 sløyfa. Songen er ofte brukt ved Humanistisk konfirmasjon (tidlegare kalla borgarleg konfirmasjon) i Noreg, og han er sungen 1. og 17. mai. Eit utval vers av songen (vers 1-6, 9-10 og 13-14) er med som nr. 761 i Den katolske salmeboka Lov Herren. Dei same versa av songen vart i 2008 med i framlegget til ny salmebok for Den norske kyrkja. Songen vart mykje bruka ved minnemarkeringane etter terroråtaka 22. juli 2011.[3]

Forfattaren Edvard Hoem gav i 1989 ut ein biografi om Nordal Grieg med tittelen Til ungdommen : Nordahl Griegs liv.

Referansar[endre | endre wikiteksten]