Tilpassar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tilpassar for støpsel ifrå ulike land.

Ein tilpassar, ofte kalla adapter (frå engelsk) er ein overgang som ein kan kopla saman to ulike typar utstyr med. Døme på dette er overgangar mellom linser og kamerahus, mellom ulike typar elektronisk utstyr (t.d. datamaskinar med tilhøyrande utstyr) eller ulike typar støpsel og stikkontaktar for tilførsel av energi til elektriske apparat.

Ordet adapter vert òg brukt om utstyr som ikkje nyttar elektrisk energi, til dømes tilkoplingar for røyr eller slangar som har ulik dimensjon eller utforming.

Pluggar for tilkopling av straumforsyning til mobiltelefonar og anna elektronisk utstyr har fram til i dag ikkje vore standardiserte. Det finst likevel ulike typar tilpassarar som gjer at ein kan bruka same straumforsyning til å lada batteria i utstyr frå ulike fabrikantar. Slike tilpassarar må òg gjerne ha ein innebygd omformar, fordi dei ulike fabrikantane av elektronisk utstyr nyttar ulik spenning. I 2009 gjekk SN-organisasjonen Den internasjonale teleunionen inn for å innføra Micro-USB som felles standard over heile verda, grunngjeve først og fremst med miljøomsyn.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Oppslag Arkivert 2010-03-02 ved Wayback Machine. hjå digi.no, 26. oktober 2009
Spire Denne elektronikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.