Tim Berners-Lee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tim Berners-Lee ved Campus Party Brasil.
Foto: Silvio Tanaka, 2009

Timothy John «Tim» Berners-Lee (fødd 8. juni 1955) er ein britisk vitskapsmann, kjend for oppfinninga av verdsveven (World Wide Web). Han er også grunnleggjar og leiar av World Wide Web Consortium, som står for utviklinga av veven.

Liv og verk[endre | endre wikiteksten]

Tim Berners-Lee blei født i East Sheen London. Foreldra, Mary (fødd Lee Woods) og Conway Berners-Lee, var begge datapionerar som arbeidde med maskinen Ferranti Mark I.

Berners-Lee studerte fysikk ved Queen's College ved Universitetet i Oxford frå 1973 to 1976, og gjekk ut med ei bachelorgrad med beste karakter (first). Etter å ha blitt forvist frå universitetet sin datamaskin for hacking bygde han sin eigen datamaskin ved hjelp av eit gammalt fjernsyn, loddebolt, TTL-portar og ein M6800-prosessor.

Etter universitetet busette Berners-Lee seg i Poole og arbeidde ved telekomfabrikanten Plessey Telecommunications som programmerar. Etter to år der gjekk han over til D.G Nash, eit selskap drive av vennar, som han utvikla programvare og operativsystem for. Frå 1981 til 1984 var Berners-Lee tilsett ved engelske Image Computer Systems.

Veving av data[endre | endre wikiteksten]

Rundt 1980 jobba Tim Berners-Lee som sjølvstendig dataingeniør, mellom anna ved CERN i Genève. Medan han var her skreiv han programmet Enquire (namngjeve etter Enquire Within Upon Everything) som band saman ulike data ved hjelp av hyperlinkar.

Datamaskinen til Berners-Lee ved CERN.
Foto: Robert Scoble

Berners-Lee fekk ei vitskapleg stilling ved CERN i 1984. Her arbeidde han med system for å innhenta vitskaplege data og kontrollsystem. Viktigast for ettertida var det likevel at han føreslo ein verdsvev i 1989 og to år seinare hadde vidareført ideane frå Enquire til å laga den første nettlesaren, World Wide Web, og vevtenaren httpd. Verdas første vevside blei offentleg tilgjengeleg på nettaddressen info.cern.ch den 6. august 1991. Her forklarte Berners-Lee kva «World Wide Web» var og korleis ein kunne bruka det, ved hjelp av hypertekst, vevtenarar og nettsøk.

Berners-Lee fortsette å utvikla verdsveven, som gradvis voks seg større på Internett. Dei opphavlege retningslinene for URL, HTTP og HTML brukte på nettet blei finstemde etterkvart som det kom fleire brukarar.

Berners-Lee taler ved det britiske innanriksdepartementet.
Foto: Paul Clarke

I 1994 blei Tim Berners-Lee tilsett ved Laboratory for Computer Science (LCS) ved Massachusetts Institute of Technology (MIT), og grunnla World Wide Web Consortium (W3C). Organisasjonen av ulike selskap hadde som føremål å skapa standarder og tilrådingar for å betra veven. Lik ideen til Berners-Lee skulle standardene knyta seg til teknologi som ikkje var råka av patent eller krav om vederlag. Som leiar for W3C har Berners-Lee har vore ein forkjempar for saker som nettnøytralitet, at alle brukarar og leverandørar på verdsveven skal ha lik tilgang til nettverket utan forskjellsbehandling, og utvikling av ein «semantisk vev» (Semantic Web) som knyter data betre saman. Berners-Lee var også med på å danna Web Science Research Initiative, no Web Science Trust, i 2006, og har vore leiar der sidan grunnlegginga. Han har også arbeidd for å gjera data tilgjengelege på verdsveven, til dømes gjennom nettstaden data.gov.uk.

I 1999 blei Berners-Lee den første til å halda 3Com Founders-professoratet ved MIT. I 2004 blei han også tilsett som professor ved Universitetet i Southampton.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Berners-Lee har vore gift to gonger. Kona Jane var ein medstudent i Oxford. Dei blei seinare skilde. Han møtte den andre kona si, Nancy Carlson, i Genève og gifta seg med henne i 1990. Dei har to barn.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 1999 blei Berners-Lee nemnd som ein av dei 100 personane som hadde hatt mest påverknad på 1900-talet av Time magazine.

Berners-Lee blei utnemnd til offiser av Order of the British Empire i 1997, og blei adla som riddar-kommandør i 2004, med tittelen Sir Tim Berners-Lee. Han har også fått Order of Merit.

I 2001 blei han medlem i den britiske vitskapsorganisasjonen Royal Society. Han er også med i Institution of Electrical Engineers og American Academy of Arts and Sciences.

Berners-Lee er æresdoktor ved Open University (2000), Columbia University, Oxford University og University of Port Elizabeth (2001), Lancaster University (2004) og Universidad Politécnica de Madrid og Vrije Universiteit Amsterdam (2009).

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Berners-Lee har også fått ei rekkje prisar for oppfinninga si:

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tim Berners-Lee

Intervju og artiklar[endre | endre wikiteksten]