Tim Howard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tim Howard
Personleg informasjon
Fullt namn Timothy Matthew Howard
Fødd 6. mars 1979
Fødestad North Brunswick
Høgd 191 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Everton
Nummer 24
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1997-98

1998-2003
2003-07

2006-07
2007-
USA North Jersey Imperials
USA MetroStars
Manchester United
Everton (lån)
Everton
6 (0)

88 (0)
45 (0)

25 (0)
113 (0)
Landslag
2002- USA USA 49 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 7. mars 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 5. mars 2010

Tim Howard (fødd 6. mars 1979) er ein amerikansk fotballspelar som spelar som keeper for Everton i Premier League i England, og for det amerikanske landslaget.

Klubbkarriere[endre | endre wikiteksten]

Tim er son av ein afro-amerikansk far og ei ungarsk mor som emigrerte til USA etter revolusjonen i 1956. Han voks opp under fattige kår i North Brunswick i New Jersey.

Howard begynte den profesjonelle karrieren sin straks etter vidaregåande skule, då han spelte for North Jersey Imperials i United Soccer Leagues. Han vart kjøpt av Major League Soccer i 1998 og vart overført til MetroStars, der han spelte til 2003. Tim var første reservekeeper bak Tony Meola og seinare Mike Ammann, men vart førsteval som keeper då Ammann vart selt før 2001-sesongen. Sjølv om han ofte spelte bak eit horribelt Metro-forsvar, viste Howard utrulege ferdigheiter. Tim vart kåra til årets keeper i MLS i 2001 og var med på årets lag i MLS i 2001 og 2002.

Tim Howard skreiv under for Manchester United i 2003, midt i MLS-sesongen. Han erstatta den franske landslagskeeperen Fabien Barthez som førstekeeper. Han starta veldig bra i Manchester United med å redda det avgjerande straffesparket i Community Shield mot Arsenal. Men seinare i sesongen mista Howard forma. Det heile starta med tabben som gav eit mål til Porto, eit mål som sende United ut av Meisterligaen. Etter ein kvileperiode fekk Howard attende keeperplassen frå Roy Carroll før FA Cup-finalen i 2004. Howard fekk dermed òg, som første amerikanar, vinnarmedalje i turneringa. Howard vart òg teken ut på årets lag, kåra av PFA, i den første sesongen sin i Manchester United, som einaste United-spelar på laget. I den andre sesongen hans i Manchester United delte han keeperplassen med Carroll, etter at begge spelarane gjorde fleire store feil, slik at det vart umogleg for sir Alex Ferguson å velja mellom dei to.

Mot slutten av sesongen skreiv Howard under ein ny kontrakt som varer til 2009. Sommaren 2005 slepte Manchester United begge konkurrentane hans til keeperplassen, Ricardo og Carroll, på fri transfer. Men dei kjøpte òg den rutinerte nederlandske keeperen Edwin van der Sar like etterpå. Ein skuffa Howard sa etterpå i eit intervju at han ikkje ville ha skrive under på den nye kontrakten viss han hadde visst at van der Sar var på veg til United. Van der Sar erstatta Howard som førsteval til keeperplassen.

I mai 2006 vart Manchester United og Everton samde om ein utlånsavtale for Howard for 06/07-sesongen. Avtalen vart gjort permanent frå sesongslutt 14. februar 2007, då Howard skreiv under ein femårskontrakt med Everton. I 2008/09-sesongen braut Howard klubbrekorden til Everton i flest kampar utan å sleppe inn mål i éin sesong. Han var kaptein for Everton for første gong i ein bortekamp mot Chelsea 12. desember 2009.

Landslagskarriere[endre | endre wikiteksten]

Howard starta for det amerikanske landslaget i FIFA World Youth Championship i Nigeria som vart heldt i 1999, og var reserve for Brad Friedel i sommar-OL 2000. 10. mars 2002 fekk han den første A-landslagskampen sin, mot Ecuador. Han fekk først begrensa med speletid på landslaget fordi to langt meir rutinerte keeperar, Brad Friedel og Kasey Keller, stod føre han i køen. Men Friedel la opp som landslagsspelar i februar 2005. 2. mai 2006 vart Howard, som ein av tre keeperar, teken ut til den amerikanske troppen som deltok i fotball-VM 2006 i Tyskland, der han var unytta reserve for Keller. Under landslagstrenaren Bob Bradley vart Howard førsteval som landslagskeeper, og spelte frå start då USA vann CONCACAF Gold Cup i 2007.

Humanitært[endre | endre wikiteksten]

Howard har tourettes syndrom[1] og vart kåra til "årets humanitære" i MLS i 2001 for arbeidet sitt med born som har Tourettes. Han er òg ein aktivt engasjert evangelisk kristen.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. New Public Service Announcement for Tourette Syndrome awareness features soccer star Tim Howard, Bayside, New York: Tourette Syndrome Association, 18. januar 2005, henta 16. september 2007 
  2. Lawrence, Chris (May/June 2006), «The Keeper», Worldwide Challenge (Campus Crusade for Christ International) 33 (3), arkivert frå originalen 27. september 2007, henta 12. februar 2009 
Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå bokmålswikipediaen med tilleggsstoff frå engelsk wikipedia 12. mars 2010.