Timaru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Timaru
Styresmakter
Land
Øy
Region
Distrikt
New Zealand
Sørøya
Canterbury
Timaru District
Geografi
Flatevidd
 - By

2 736,54 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
 - Byområde

42867
27200
Koordinatar 44°24′″S 171°15′″EKoordinatar: 44°24′″S 171°15′″E
Plassering
Timaru is located in New Zealand
Timaru District.

Timaru er ein viktig hamneby sør i regionen CanterburyNew Zealand, 160 km sør for Christchurch og om kring 200 km nord for DunedinStillehavskystenSørøya. Den tidlegare eininga Timaru City (27 200 innbyggjarar) ligg i Timaru District, eit distrikt med rundt 43 000 innbyggjarar. Dette distriktet omfattar eit produktivt landbruksområde med mindre tettstader som Pleasant Point (1 170 innb.), Temuka (4 044 innb.) og Geraldine (2 244 innb.). Byen Waimate ligg 40 km mot sør på vegen til Oamaru og Dunedin.

Stranda Caroline Bay er eit populært friområde ikkje langt unna bysentrum i Timaru, like nord for den betydelege hamna. Bortanfor Caroline Bay ligg industriforstaden Washdyke i eit større knutepunkt ved State Highway 8, hovudvegen til Mackenzie Country. Denne vegen leier vidare til Fairlie, Twizel, Lake Tekapo, Aoraki/Mount Cook og Queenstown.

Timaru er bygd på bølgjande bakkar danna av lavastraumar frå den utsløkte vulkanen Mount Horrible, som hadde det siste utbrotet sitt for mange tusen år sidan. Dette har ført til at dei fleste av gatene har eit bølgjande forløp, noko som står i klår kontrast til det flate landskapet i Canterbury Plains i nord. Den vulkanske steinen «blåstein» (ei form for basalt eller olivin-basalt) vert brukt i bygginga av lokale blåsteinsbygningar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg busetnad[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til namnet «Timaru» er omdiskutert. Somme trur at det kjem frå māori Te Maru, som kan tyda tilfluktsstad. Andre ekspertar hevdar at Timaru kjem frå ei bokstaveleg omsetjing av ti, eit tre, Cordyline australis, og maru, som tyder 'skuggefull'.

Maorikanoar (waka) ser ut til å ha nytta staden der Timaru ligg som kvilestad på lange reiser opp og ned den lange austlege kystlinja i lang tid før dei første europearane dukka opp i det 19. hundreåret. I dette området har ein funne meir enn 500 stadar med spor etter māori bergkunst, særleg i klippeoverheng og grotter i dalane til elvene Opua og Opihi, vest for dagens Timaru. Arkeologar meiner at maoristammar var permanent busette i området før år 1400. I det 17. eller 18. hundreåret vart stammen som heldt til her, Ngāti Mamoe, driven sørover til Fiordland etter ein invasjon av Ngāi Tahu, som kom frå Nordøya.

Europeisk busetnad i det 19. hundreåret[endre | endre wikiteksten]

Europeisk busetnad byrja med bygginga av ein kvalfangststasjon i 1839 av brørne Weller frå Otago ved Patiti Point, nær det noverande sentrum i byen. Eit forsyningsskip, The Caroline, gav namnet til denne lokale bukta. Seinare vart ein sauefarm, kalla The Levels, lagt på land som vart kjøpt av brørne Rhodes. Det budde få menneske i Timaru til 1859 då skipet SS Strathallan kom frå England med 120 immigrantar. Vedvarande usemje om eigedomsrett til land mellom brørne og lokale representantar for styresmaktene førte til at det vart etablert to busetnadar i hamneområdet, Government Town og Rhodestown. Desse vart til slutt samanslegne i 1868. På grunn av denne delinga har ikkje nokon av hovudgatene i retning nord-sør gått rett over i kvarandre før inntil nyleg. Stafford Street, som vart hovudgata, vart anlagt etter ein tidlegare oksekjerreveg.

Etter at ei rekkje skip gjekk tapte langs kysten, vart det i 1877 starta bygging av ei kunstig hamn, der sand som vart vaska sørover langs Stillehavskysten, bygde seg opp langs den nordlege moloen. Dette vart starten på ei betydeleg landvinning i Caroline Bay -distriktet, eit område som enno i dag er i vokster.

Utvikling i det 20. hundreåret[endre | endre wikiteksten]

Timaru heldt fram med å veksa gjennom det 20. hundreåret, og mykje av bustadane er bungalowar bygde i tre i kolonistil på eigne tomter.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Vêrlag[endre | endre wikiteksten]

Timaru har eit turt temperert klima, liknande det i nabodistrikta Ashburton og Christchurch. Somrane er varme og vintrane kalde. Den høgaste temperaturen som er målt i Timaru er 37,2°C, og den lågaste -6.8°C. Nedbøren er jamnt fordelt over året, og ein liten del av dette er snø.

Nuvola apps kweather.svg Klimatabell: Timaru Weather-rain-thunderstorm.svg
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur 21,1°C
70°F
20,9 °C
70 °F
19,3 °C
67 °F
16,6° C
62 °F
13,3 °C
56 °F
10,6 °C
51 °F
10,1 °C
50 °F
11,4 °C
53 °F
14,2 °C
58 °F
16,0 °C
61 °F
18,3 °C
65 °F
19,9 °C
68 °F
16,0°C
61°F
Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur 11,3°C
52°F
11,1 °C
52 °F
10,0 °C
50 °F
7,1 °C
45 °F
3,9 °C
39 °F
1,3 °C
34 °F
1,2 °C
34 °F
2,3 °C
36 °F
4,5 °C
40 °F
6,4 °C
44 °F
8,4 °C
47 °F
10,4 °C
51 °F
6,5°C
44°F
Gjennomsnittleg total nedbør 46 mm
1,81 "
38 mm
1,50 "
52 mm
2,05 "
66 mm
2,60 "
42 mm
1,65 "
41 mm
1,61 "
43 mm
1,69 "
45 mm
1,77 "
35 mm
1,38 "
55 mm
2,17 "
48 mm
1,89 "
53 mm
2,09 "
573 mm
22,56 "
Kjelde: NIWA Climate Data[1]


Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Timaru hamn

Timaru har ei av dei største frakthamnene på Sørøya, med ei rekkje mindre import- og eksportverksemder. Mykje av produksjonen her ligg innanfor fabrikasjon, pakking og distribusjon av kjøt, meieri- og andre landbruksprodukt.

Timaru er den nest største fiskerihamna på New Zealand.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Timaru ligg ved State Highway One (SH1), hovudvegen langs austkysten på Sørøya.

Der er buss- og minibussruter til Christchurch, Dunedin, Invercargill, Queenstown og Mackenzie Country.

Jarnvegslinjegreina Main South Line som går saman med South Island Main Trunk Railway, går gjennom Timaru og er ei viktig transportåre. Passasjertogdrifta her vart lagt ned i februar 2002.

Flyplassen Richard Pearse Airport ligg nord for byen. Han tek mot lettare flytrafikk og har kortare innanlandsruter med regelmessige flygingar til Wellington.

Turistattraksjonar[endre | endre wikiteksten]

South Canterbury Museum

South Canterbury Museum er hovudmuseet i regionen, og byr på utstillingar innan fysisk geografi, miljø, fossilar, māori bergkunst, den tidlege busetjinga i distriktet, lokal maritim historie, E P Seally naturhistorisk samling og informasjon om Richard Pearse, ein lokal oppfinnar og hans arbeid med bemanna flygingar tidleg på 1900-talet.

Kunstgalleriet Aigantighe (eit skotsk gælisk ord uttala egg and tie) er det tredje største kunstmuséet på Sørøya. Det har kunstsamlingar frå New Zealand, Stillehavet, Asia og Europa frå det 16. hundreåret og fram til i dag, og har også ein skulpturhage. Galleriet vart grunnlagt i 1956 og held til i eit gardshus som vart bygd i 1908.

Timaru har mykje friareal, offentlege hagar og parkar. Rosehagen The Trevor Griffiths Rose Garden i Caroline Bay Park[2], is a major feature of the Timaru Piazza development. Parkområda i Caroline Bay Area inneheld ein minigolfbane, ein rulleskøytebane, ein labyrint og ein scene for musikktilskipingar. Her skipar ein også til det årlege sommarkarnevalet i jule- og nyttårstida, og som har 100 års jubileum i 2010 - 2011[2]. Sør for bysentrum ligg Timaru Botanic Gardens, ein botanisk hage som først vart opna i 1864, og som har ei variert samling av roser og lokale trebregner. I vest ligg Centennial Park Reserve, som opna i samband med 100 års markeringa til nasjonen i 1940.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Timaru