Time Is on My Side

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Time Is on My Side
Singel av The Rolling Stones
B-side «Congratulations»
Utgjeve 26. september 1964
Sjanger Rock
Lengd 2:52 (orgelintro)
2:58 (gitarintro)
Selskap London 45-LON9708 (berre USA)
Låtskrivar(ar) Norman Meade, Jimmy Norman
Produsent Andrew Loog Oldham
The Rolling Stones-kronologi
«Tell Me»
(1964)
Time Is on My Side «Little Red Rooster»
(1964)
Time Is on My Side
Singel av The Rolling Stones
frå albumet "Still Life" (American Concert 1981)
Utgjeve 13. september 1982
Innspelt 1981
Sjanger Rock
Lengd 3:36
Selskap Rolling Stones/Virgin
Produsent The Glimmer Twins
The Rolling Stones-kronologi
«Going to a Go-Go»
(1982)
Time Is on My Side «Undercover of the Night»
(1983)

«Time Is on My Side» er ein song skriven av Jerry Ragovoy (under pseudonymet Norman Meade). Han vart først spelt inn av jazztrombonisten Kai Winding and his Orchestra i 1963, og spelt inn på nytt med ekstra tekst av Jimmy Norman av både soulsongarinna Irma Thomas og The Rolling Stones i 1964.

Orignalutgåva til Kai Winding kom til etter at han ønskte å gå i ei meir kommersiell og rytmisk retning. Songen vart produsert av Creed Taylor og inneheldt korvokal av Cissy Houston, Dionne Warwick og Dee Dee Warwick. Tidleg i 1964 spelte Irma Thomas inn ein gospel-aktig versjon av songen, som B-side til singelen hennar «Anyone Who Knows What Love Is (Will Understand)».

The Rolling Stones spelte inn to versjonar av songen i 1964. Den første med orgelintro vart gjeve ut i USA som singel i 1964 og på albumet 12 X 5. Den betre nyinnspelinga med gitarintro vart gjeve ut i Storbritannia i januar 1965 på albumet The Rolling Stones No. 2. Det er denne utgåva som er med på alle «Best of»-plater av bandet. Begge Rolling Stones-utgåvene inneheld fleire element frå Irma Thomas-versjonen, som utropa mellom teksten på refrenget, monologen i midten av songen og gitarsoloen oppå monologen.

Singelen vart den første hitten til The Rolling Stones i USA og nådde sjetteplass på Billboard Pop Singles Chart. Då dei spelte «Time Is on My Side» på deira første opptreden på The Ed Sullivan Show, var Sullivan sjokkert over framføringa og erklærte at han aldri skulle invitere dei tilbake, men dette gjorde han likevel fleire gonger seinare.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Time Is on My Side» har sidan vorte spelt av fleire artistar, som Michael Bolton, Cat Power, Hattie Littles, Wilson Pickett, Brian Poole and the Tremeloes, The Pretty Things, Paul Revere and the Raiders, Kim Wilson, Tracy Nelson, Patti Smith og The Moody Blues.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]