Time Will Crawl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Time Will Crawl
Singel av David Bowie
frå albumet Never Let Me Down
B-side

Girls

Utgjeve Juni 1987[1]
Innspelt Hausten 1986
Studio Mountain (Montreux i Sveits)
Sjanger Rock
Lengd 4:18 (album)
4:54 (2008-mix)
Selskap EMI
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent
David Bowie-kronologi 
«Day-In Day-Out»
(1987)
Time Will Crawl «Never Let Me Down»
(1987)


«Time Will Crawl» er ein song av den engelske musikaren David Bowie, gjeven ut som den andre singelen frå det syttande studioalbumet hans, Never Let Me Down (1987). Han var skriven av Bowie og produsert av han og David Richards. Songen kom ut i 1987 på EMI og omhandlar korleis jorda vert øydelagd av forureining og industri. Tsjernobyl-ulukka var ein direkte inspirasjon for teksten. Den tilhøyrande videoen var ein smakebit av den komande Glass Spider-turneen til Bowie (1987). Musikkpressa likte «Time Will Crawl», både teksten og produksjonen, og skildra han som ein av dei beste songane til Bowie i siste halvdel av 1980-åra. I tillegg omtalte Bowie seinare songen som ein favorittane hans frå heile karrieren. Kommersielt nådde singelen 33. plassen på UK Singles Chart og sjuandeplassen på Billboard Mainstream Rock Tracks-lista.

Bakgrunn og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Time Will Crawl» vart skriven og spelt inn av Bowie i løpet av 1986 i Mountain Studios i Montreux i Sveits. Innspelinga vart produsert i lag med David Richards.[2] I starten vart songen kalla «How We War», men Bowie endra tittelen før albumet kom ut.[3] Teksten omhandlar korleis industri forureinar og øydelegg planeten. Bowie sa at då han høyrde om Tsjernobylulukka i april 1986 vart han inspirert til å skrive teksten. Han var i Sveits då ulukka skjedde. Han sa «Eg tok ein pause frå innspelinga. Det var ein vakker dag og me var ute på ein liten plen med utsikt til Alpane og innsjøen. Lydteknikaren vår hadde lytta til radio og ropte: 'Det er mykje drit som skjer no i Russland.' Sveitiske nyhende hadde plukka opp ein norsk radiostasjon som skreik – til alle som lytta – at enorme skyer kom inn over Europa frå Moderlandet og dei var ikkje regnskyar.»[1] I eit anna intervju på den tida sa Bowie at songen «omhandlar ideen om at nokon i ditt eige samfunn kunne vere ansvarleg for å øydeleggje heile verda.»[4] På den tida sa han òg at songen var favorittsongen hans frå albumet.[4]

«Time Will Crawl» kom ut i juni 1987 på EMI med ein coverversjon av Tina Turner sin «Girls» (1987) som B-side.[1]

I 2008 vart ein nymiksa versjon av songen («MM Remix» av Mario J. McNulty) med på Bowie si eiga samleplate, iSelect, som inneheldt favorittsongane hans. McNulty fjerna det originale trommesporet og la til nye trommer med trommeslagaren Sterling Campbell og nytta i tillegg ei ny instrumentering, inkludert ein strykekvartett. På den tida indikerte Bowie at han ønskte å forbetre resten av songane på Never Let Me Down,[1][5][6] eit prosjekt som først vart noko av etter Bowie døydde, då Never Let Me Down 2018 kom ut i plateboksen Loving The Alien (1983-1988) (2018). I følgje McNulty hadde Bowie ein spesifikk ide om kvar han ønskte å gjere med songen for remiksen og meinte at det at Bowie kunne gjere så drastiske endringar med songen viste at han var «fryktlaus». McNulty sa at då dei møttest for å diskutere remiksen «sat Bowie på stovegolvet med ein laptop, tok notat, og berre hang, og sa 'eg vil gjere dette, bli kvitt dette, eg vil ha trommer her, eg vil ha strykarar der, ok, når kan me gjere det?'»[7]

«Time Will Crawl» vart nytta i filmmusikken til Les Amants du Pont-Neuf (1991) og kom ut på[8] Bowie – The Video Collection (1993),[9] Best of Bowie (2002),[10] The Platinum Collection (2006),[11] og The Best of David Bowie 1980–1987 (2007),[12] 2008—miksen kom ut på iSelect (2008)[13] og Nothing Has Changed (2014).[14] Ein oppdatert versjon av 2008 «MM Remix», og remiksar av den originale singelen og B-sida «Girls» kom ut i plateboksen Loving the Alien (1983-1988).[3]

Marknadsføring[endre | endre wikiteksten]

Det vart laga ein musikkvideo til songen, regissert av Tim Pope. Det var den første og einaste Bowie-videoen han regisserte, men Pope regisserte seinare konserten i høve 50-årsdagen hans i 1997. Videoen vart filma under øvingar Glass Spider-turneen til Bowie og synte somme av dei avanserte danserutiane som kom til å bli nytta under framføringar av «Loving the Alien» (1985), «Fashion» (1980) og «Sons of the Silent Age» (1977). Dansarane frå turneen (Melissa Hurley, Constance Marie, Craig Allen Rothwell, Viktor Manoel og Stephen Nichols) var alle med i videoen i lag med turnégitaristane Peter Frampton og Carlos Alomar. Toni Basil, ein mangeårig ven av Bowie, koreograferte dansinga.[1] Videoen kom sidan ut på Bowie – The Video Collection (1993), Best of Bowie (2002) og The Best of David Bowie 1980–1987 (2007). Den avgrensa 12"-singelen nytta eit stillbilete frå videoen som plateomslag.

«Time Will Crawl» vart framført på alle konsertane under Glass Spider-turneen i 1987 og kom sidan ut på luksusutgåva av Glass Spider (2007).[15] Same året spelte Bowie inn eit opptak av songen for «Top of the Pops» på BBC, men framføringa hans vart til sjuande og sist ikkje vist på fjernsyn, fordi songen fall på singellista. Videoen vart seinare lasta opp til YouTube.[1]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusicPositiv[16]

Generelt har musikkpressa rekna songen som ein av dei beste Bowie hadde frå midten til slutten av 1980-åra.[1][16][17] Bowie-biografen Nicholas Pegg likte både produksjonen og teksten på songen, og sa «tekstmessig er han òg blant dei beste på albumet, ein behageleg retur til ei ikkje-lineær tilnærming som malar eit aude landskap av forgifta elver, kjernefysiske øydeleggingar og genetisk mutasjon som kan minne om Diamond Dogs[1] AllMusic-kritikaren Dave Thompson likte songen for den «økologisk-tilbøyelege teksten, ein svært flytande vokal og ein strålande gitarsolo av Sid McGinnis som gjer at Bowie høyrest ut som han verkeleg kosar seg», som var «sjeldan» for Bowie seint i 1980-åra.[16]

Entertainment Weekly hadde med videoen for «Time Will Crawl» på lista si over dei 20 beste videoane til Bowie etter han døydde i 2016 og likte framføringa. Dei skreiv «...berre legg merke til måten Bowie flyttar seg i denne videoen. Det er ikkje ei rørsle som ikkje er planlagd. Sjølv når han ikkje er kledd som Ziggy Stardust eller Aladdin Sane, kan du ikkje ta augo frå han.»[18]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

«Time Will Crawl» var skriven av Bowie. B-sida «Girls» har tekst og produksjon av Bowie og Erdal Kızılçay. Ein avgrensa 7"-singel kom ut i somme område med eit plateomslag bretta som ein dobbeltsida plakat. «Extended dance mix» vart miksa av produsenten Richards, og «Dance Crew Mix» av Chris Lord-Alge. For den japanske versjonen av «Girls» (sungen av Bowie på japansk), var Kiri Teshigahara språk-coach og Hiro Hozumi sette om teksten.[2][19][20] Alle spor kom ut digitalt i 2007.[1]

  • UK 7"-singel[2]
  1. «Time Will Crawl» – 4:03 (singel)
  2. «Girls» – 4:13 (Single Edit)
  1. «Time Will Crawl» (Extended dance mix) – 6:11
  2. «Time Will Crawl» (LP-versjon) – 4:18
  3. «Girls» (Extended edit) – 5:35

  • UK 12"-singel #2[20]
  1. «Time Will Crawl» (Dance crew mix) – 5:43
  2. «Time Will Crawl» (Dub) – 5:23
  3. «Girls» (japansk versjon) – 4:06

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Frå platenotata til Never Let Me Down.[21]

Teknisk og musikarar

MM Remix

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Nederland (Mega Single Top 100)[22] 71
UK Singles (Official Charts Company)[23] 33
US Mainstream Rock (Billboard)[24] 7
Tyskland (Media Control AG)[25] 57

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 Pegg, Nicholas (October 2016). The Complete David Bowie New Edition: Expanded and Updated. Titan Books. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Time Will Crawl (Liner notes). EMI (Barcode: 5099920189273). 1987. 
  3. 3,0 3,1 Loving the Alien (1983-1988). Parlophone. 2018. 
  4. 4,0 4,1 David Bowie – The Interview (vinyl). EMI America. 1987. 
  5. Neyland, Nick. «David Bowie chooses his own favorite songs». Prefixmag. Henta 22. april 2013. 
  6. Askenase, Julia (11. juli 2008). «David Bowie looks back on his favorite David Bowie». Paste. Henta 10. september 2021. 
  7. Slate, Jeff (12. oktober 2018). «Inside the David Bowie 'Loving the Alien (1983-1988)' Box Set with Reeves Gabrels and Mario McNulty». RockCellarMagazine.com. Henta 9. september 2021. [daud lenkje]
  8. Les Amants du Pont-Neu' (Liner notes). 1991. 
  9. Bowie – The Video Collection (Liner notes). 1993. 
  10. Best of Bowie (Liner notes). 1991. 
  11. The Platinum Collection (Liner notes). 2006. 
  12. The Best of David Bowie 1980–1987 (Liner notes). 2007. 
  13. iSelect (Liner notes). 2008. 
  14. Nothing Has Changed (Liner notes). 2014. 
  15. Glass Spider (Liner notes). EMI (Barcode: 00946-3-91265-2-1). 2007. 
  16. 16,0 16,1 16,2 Thompson, Dave. «David Bowie «Time Will Crawl» Review». Allmusic.com. Henta 10. september 2021. 
  17. Buckley, David (24. april 2012). Strange Fascination: David Bowie: The Definitive Story. Virgin Books. s. 547. ISBN 9781448132478. Henta 10. september 2021. 
  18. Anderson, Kyle (2. september 2021). «David Bowie's 20 best music videos». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 25. januar 2021. Henta 7. september 2021. 
  19. 19,0 19,1 Time Will Crawl (Liner notes). EMI (Barcode: 5099920188368). 1987. 
  20. 20,0 20,1 Time Will Crawl (Liner notes). EMI (Barcode: 5099920194567). 1987. 
  21. Never Let Me Down (Liner notes/ CD booklet). EMI. 1987. 
  22. "Dutchcharts.nl – David Bowie – Time Will Crawl" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  23. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  24. "David Bowie Chart History (Mainstream Rock)". Billboard. Retrieved 2. september 2021.
  25. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]