Timianslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Timian)
Timianslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Leppeblomfamilien Lamiaceae
Underfamilie: Nepetoideae
Slekt: Timianslekta Thymus
L., 1753

Timianslekta (Thymus) er ei slekt i leppeblomfamilien med om lag 350 artar. Desse veks i Europa, Midt-Austen og Nord-Afrika. Timian er ein dvergbusk som kan verta eit par desimeter høg.

Artar[endre | endre wikiteksten]

Fleire artar og underartar er registrerte i Noreg:[1][2]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Småtimian

Kryddertimian og sitrontimian (T. ×citriodorus) vert mykje brukt som krydder. Småtimian og somme andre artar eigner seg derimot ikkje som krydder, men er populære hagevekstar.

Ein nytter timian mellom anna til å smakssetja kjøt, supper og stuingar. I fransk matlaging blir urta mellom anna brukt i bouquet garni og i Herbes de Provence. Timian er også viktig i karibisk og i middelhavsmat. Den jordanske krydderblandinga zahtar inneheld timian.

Timian har også vore brukt som medisinplante, mellom anna mot hoste og sår hals. Planten inneheld stoffet thymol. Dette verkar antiseptisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 978–979, 1165–1166. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre timianslekta». Artsdatabanken. Henta 2. mars 2023. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 «Norsk rødliste for arter 2021». Raudlista 2021. Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 2. mars 2023. 
  4. «Fremmedartslista 2018». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 2. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Timianslekta