Timok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Timok
Timok ved Balej i Bulgaria
Timok ved Balej i Bulgaria
Utspring Svrljigfjella i Serbia
- Høgd 1 078 m
Munning Donau
Land i nedslagsfelt Serbia, Bulgaria
Lengd 203 km
Middelvassføring 24 m³
Nedslagsfelt 4 630 km²

Timok (serbisk og bulgarsk språk: Тимок, latin: Timacus) er ei elv aust i Serbia og vest i Bulgaria. Det er eit svært greina system av mange kortare elvar, og mange av dei har same namn (Timok). Frå det øvste utspringet i systemet (Svrljiški Timok) til munningen i Donau (som Veliki Timok) er Timok 203 km lang. Elva renn hovudsakleg gjennom Serbia, og berre dei siste 15 km dannar grensa mellom Serbia og Bulgaria.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Svrljiški Timok[endre | endre wikiteksten]

Timok startar som Svrljiški Timok (Сврљишки Тимок) nord i Svrljigfjella nær landsbyen Šesti Gabar. Ho renn vestover og passerer mange landsbyar før ho kjem til landsbyen Svrljig, som har gjeve namn til denne delen av elva. Etter at ho har passert fleire landsbyar møter ho Trgoviški Timok og i lag dannar dei Beli Timok.

Beli (Knjaževački) Timok[endre | endre wikiteksten]

Beli Timok (Бели Тимок; «Kvite Timok») held fram nordover, parallelt til grensa mellom Serbia og Bulgaria. Elva renn mellom anna forbi den større landsbyen Grljan, og eit par kilometer seinare renn ho gjennom den største byen langs elva, Zaječar. Her møter Beli Timok elva Crni Timok frå aust, og held fram vidare som Veliki Timok. Lengda til Beli Timok er 51 km (115 km med Svrljiški Timok) og har eit nedslagsfelt på 2 167 km². Tidlegare vart ho kalla Knjaževački Timok (Књажевачки Тимок).

Veliki Timok[endre | endre wikiteksten]

Den siste delen av elva vert kalla Veliki Timok (Велики Тимок; «Store Timok») eller berre Timok. Elva renn ikkje gjennom større busetnadar (men renn berre 7 km frå Negotin). 15 km før elva munnar ut i Donau vert Timok ei grenseelv, og passerer dei bulgarske landsbyane Bregovo og Balej. Elvemunningen er det mest nordvestlege punktet i Bulgaria, og er berre 28 meter over havet, som er det lågaste punktet i Serbia. Middelvassføringa er 24 m³/s, men dette kan stundom auke til 40 m³/s. Timok er ein del av tilsigsområdet til Svartehavet.

Strma reka-Trgoviški Timok[endre | endre wikiteksten]

Trgoviški Timok (Трговишки Тимок) har sitt utspring på vestsida av Balkanfjella, like nedanfor det høgste fjellet i Serbia, Midžor, mindre enn ein kilometer frå den bulgarske grensa, som Strma reka (Стрма река; «bratt elv»). Elva renn austover og renn sør for fjellet Jadovnik, før ho renn nordover og vert Trgoviški Timok. Ved landsbyen Knjaževac renn elva i hop med Svrljiški Timok frå sørvest og dannar Beli Timok.

Crni (Krivovirski) Timok[endre | endre wikiteksten]

Crni Timok (Црни Тимок; «Black Timok») har sitt opphav på nordsida av fjellet Veliki Maljenik i Kučaj aust i Serbia. Ho renn hovudsakleg nordaustover og forbi mange små landsbyar. I denne dalen finn ein også Gamzigrad, ein viktig arkeologisk utgraving frå Romartida. Ved Zaječar, etter 84 km, munnar elva ut i Beli Timok, og dei dannar i lag Veliki Timok. Fleire av sideelvane hennar kjem frå det kraftig forureina området i Bor, der ein grev ut kopar, og desse forureinar Crni Timok, som igjen er den største forureingskjelda til Timok.

Økonomi og økologi[endre | endre wikiteksten]

Ved Čokonjar vart kraftverket Sokolovica oppretta i 1947-1951. Elva har potensial for vidare vasskraftutbygging, men dette er ikkje vorte utnytta.

Det økologiske systemet i elva er kraftig øydelagt på grunn av gruvedrift og tungmetallindustri i Bor og Krivelj, og forureinar Donau med bly, kopar og kadmium.

Elvedalen er ei naturleg rute for veg og jarnbane mellom Niš og Prahovo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]