Tina Bru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tina Bru

Fødd18. april 1986 (37 år)
Moss kommune
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Utdanna vedHandelshøyskolen BI
Alle verv

Tina Bru (fødd 18. april 1986) er ein norsk politikar for Høgre, som sidan hausten 2013 er stortingsrepresentant for Rogaland. Frå 24. januar 2020 er ho olje- og energiminister i regjeringa Solberg.

Bru var 2007-08 leiar for Rogaland Unge Høgre, og 2008–10 landsstyremedlem i Unge Høgre. Perioden 2009-13 var ho fyrste vararepresentant til Stortinget for Høgre i Rogaland, og møtte ei tid i staden for Arve Kambe. Frå 2011 er Bru medlem av både Stavanger bystyre og Rogaland fylkesting.

Hausten 2012 vart Bru nominert som Rogaland Høgre sin fjerdekandidat til stortingsvalet 2013, og vart innvald med god margin. På Tinget er ho medlem av Miljø- og energikomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]