Tina Turner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tina Turner
TinaTurner PrivateDancer.png
Tina Turner i Drammenshallen i 1985
Fødenamn Anna Mae Bullock
Fødd 26. november 1939 (75 år), Nutbush i Tennessee i USA
Instrument Vokalist
Sjanger Rock, pop
Aktive år 1958–2000, 2007-2009
Tilknytte artistar Ike & Tina Turner
Plateselskap United Artists Records, EMI, Capitol Records, Virgin, Parlophone og Warner Music Group
Nettstad www.tinaturnerofficial.com

Tina Turner (fødd 26. november 1939 som Anna Mae Bullock) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, dansar og skodespelar.

Ho starta musikkarrieren i midten av 1950-åra som ein songar i Ike Turner sitt Kings of Rhythm, og spelte først inn musikk i 1958 med namnet «Little Ann».[1] Ho byrja først å bruke namnet Tina Turner i 1960 som medlem i Ike & Tina Turner Revue.[2] Dei fekk suksess med ei rekkje kjende hittar, som «A Fool in Love»,[3] «River Deep – Mountain High» (1966), «Proud Mary» (1971) og «Nutbush City Limits» (1973), ein song ho skreiv sjølv. I sjølvbiografien sin I, Tina, avslørte ho at ho fleire gonger vart banka opp av Ike Turner før dei gjekk frå kvarandre i 1976 og til slutt skilde seg i 1978.

Etter skilsmissen med Ike Turner, bygde ho opp att karrieren sin, men sleit i starten med å få suksess som soloartist. Tidleg i 1980-åra lanserte ho eit comeback med ei rekkj hittar, som starta i 1983 med «Let's Stay Together», etterfølgd i 1984 med det femte soloalbumet Private Dancer, som vart ein verdsomfattande suksess. «What's Love Got to Do with It», den mest suksessrike singelen frå albumet, art seinare nytt som tittelen på ein biografisk film, basert på sjølvbiografien hennar. I tillegg til musikkarrieren hennar, har Turner òg spelt i fleire filmar, mellom anna ei rolle i 1975 i rockemusikalen Tommy og ei rolle i Mel Gibson-filmen Mad Max Beyond Thunderdome i 1985. I tillegg hadde ho ei rolle i filmen Last Action Hero.

Ho har vore ein av dei mest populære underhaldningsartistane i verda og har fått kallenamnet The Queen of Rock n Roll.[4][5][6] Turner har blitt kalla den mest suksessrike kvinnelege rockeartisten,[7] og har vunne åtte Grammy-prisar og seld meir konsertbilettar enn nokon annan artist i historia.>[8] Det samla album- og singelsalet hennar er kring 100 millionar kopiar verda over.[9] Ho er kjend for å vere energisk på scenen,[5] den kraftige vokalen hennar og den langvarige karrieren.[10] I 2008 kom Turner attende etter ei delvis pensjonering og la ut på Tina!: 50th Anniversary Tour.[11] Denne turneen vart ein av dei bestseljande turneane i 2008–2009.[12] Rolling Stone rangerte ho på 63. plass på lista deira over dei 100 beste artistane gjennom tidene.[13] I 1991 vart ho innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Film
År Film Rolle Merknader
1970 Gimme Shelter Seg sjølv Dokumentar
1971 Taking Off Seg sjølv
1975 Tommy The Acid Queen
1976 All This and World War II Seg sjølv Dokumentar
1978 Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band Our Guests at Heartland
1979 John Denver and the Ladies Seg sjølv Revy
1985 Mad Max Beyond Thunderdome Auntie Entity
1993 What's Love Got to Do with it Seg sjølv stemme for Angela Bassett, òg arkivbilete
Last Action Hero Ordføraren
Fjernsyn
År Tittel Rolle Merknad
1966 The Big T.N.T. Show Seg sjølv Dokumentar
1970 It's Your Thing Seg sjølv Dokumentar
1971 Soul to Soul Seg sjølv Dokumentar
2000 Ally McBeal Seg sjølv cameo
ein episode: «The Oddball Parade»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Collis 2003, s. foreword.
  2. Bego 2005, s. 60-62.
  3. https://www.youtube.com/watch?v=mKpISNtgJMs
  4. Rafferty, Terrence (juli 27, 2008), Tina Turner: Queen of Rock 'n' Roll, http://movies.nytimes.com/movie/50095/Tina-Turner-Queen-of-Rock-n-Roll/overview, henta 6. juni 2014 
  5. 5,0 5,1 Wolman, Baron. «Tina Turner on Stage». Gallery of The Popular Image. San Francisco Art Exchange. Arkivert frå originalen den september 28, 2007. http://web.archive.org/web/20070928063358/http://www.sfae.com/index.php?action=gallery&status=show_product&ID=549&PHPSESSID=e167966844d1d18c37. Henta 6. juni 2014. 
  6. «Tina Turner Covers Vogue Tyskland" Billboard Magazine
  7. «Biography on Tina Turner». Biography.com. A&E Television Networks. http://www.biography.com/search/article.do?id=9512276. Henta september 3, 2008. 
  8. «The 100 Greatest Singers of All Time». Rolling Stone (1066): 73. November 27, 2008. Arkivert frå originalen den March 8, 2009. 
  9. Willander, Arne (2009-11-25) (på tysk), 70? 70! Glückwunsch, Tina Turner!, Axel Springer AG, http://www.bz-berlin.de/kultur/musik/70-70-glueckwunsch-tina-turner-article654973.html, henta 6. juni 2014 
  10. Amway Global to be Presenting Sponsor of 'Tina Turner Live in Concert' 2008, Reuters.com, juli 10, 2008, http://www.reuters.com/article/pressRelease/idUS169798+10-Jul-2008+PRN20080710, henta oktober 31, 2008 
  11. Gundersen, Edna (september 30, 2008), Tina Turner is back by popular demand, http://www.usatoday.com/life/music/news/2008-09-30-turner-main_N.htm, henta 6. juni 2014 
  12. Terry, Al (september 21, 2008). «Tina Turner Live Tickets – One Of The Biggest Selling Concert Tickets Ever». Pressemeldungen.at. http://www.pressemeldungen.at/45469/tina-turner-live-tickets-%E2%80%93-one-of-the-biggest-selling-concert-tickets-ever/. Henta 6. juni 2014. 
  13. «100 Greatest Artists of All Time" Rolling Stone

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tina Turner