Tindsøya
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Tindsøya | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Vesterålen |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Høgaste punkt | Tindstinden (468 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | |
| Fylke | Nordland |
Tindsøya er ei øy i Øksnes kommune i Nordland. Det høgaste punktet på Tindsøya er Tindstinden på 468 moh.
Tindsøya er ei av fleire øyar i Øksnes Vestbygd. Andre øyar i dette området er Skogsøya, Dyrøya og Nærøya. Tidlegare var det mykje aktivitet på desse øyane, men i dag er det få fastbuande att.
Dei viktigaste stadane på Tindsøya er Skipnes og Tinden. Skipnes er eit gammalt fiskevær som i dag er bygd om til ferie- og fritidsstad. Tinden er eit gammalt fiskevær og handelsstad som nok er mest kjend for væreigar Skjalg Halmøy, som tok imot turistar og fiskarar i mange år. Skjalg Halmøy er borte, men butikken i Tinden vert framleis halde open i turistsesongen.
|