Tine BA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tine BA

Org.formSamvirkeforetak
Org.nr.947942638
Skipa10. november 1928
DotterselskapDiplom-Is
HovudkontorMoelv
LandNoreg
Salsinntekter1 992 000 000 norsk krone (2020)[1]
Omsetnad1 992 000 000 norsk krone (2020)[1]
Nettstadhttp://www.tine.no/
Ost er eit kjerneprodukt for TINE

TINE BA er morselskapet i samvirkekonsernet TINE Gruppa som òg er eigar av varemerket Tine. Kjerneverksemda er produksjon og sal av mjølk, ost og andre meieriprodukt i Noreg og i utlandet.

TINE Gruppa består av mange heil- og deleigde dotterselskap, med ialt 5 353 tisette og ei årleg omsetjing på 14,7 milliardar kroner. Som eit samvirkeføretak er TINE BA eigd av om lag 18 000 mjølkeprodusentar over heile landet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Grunnlaget for meierisamvirket i Noreg vart lagt i Nord-Østerdalen i 1881. Då gjekk dei fleste meieria i området saman i éin organisasjon uner namnet «Meieriforeningen». Dette første varige organisatoriske meierisamarbeidet på landsbasis er rekna som starten på TINE. Ein forløpar for dette meierisamvirket var Rausjødalen meieri i Tolga, som var i drift frå 1856 til 1858.[2]

Selskapet var etablert i 1928 som «Norske Meieriers Eksportlag». Frå 1942 skifta selskapet namn til «Norske Meieriers Salgssentral» og frå 1984 «Norske Meierier». TINE vart teke i bruk som varemerke for meierisamvirket i 1992.

TINE er ei av 15 landsdekkande samvirkeorganisasjonar som er medlem av interesseorganisasjonen Norsk Landbrukssamvirke. Landbrukssamvirket har i etterkrigstida spela ei nøkkelrolle ved gjennomføringa av den norske landbrukspolitikken.

Regionale meieriselskap og dotterselskap[endre | endre wikiteksten]

  1. TINE Meieriet Nord BA
  2. TINE Meieriet Øst BA
  3. TINE Meieriet Sør BA
  4. TINE Meieriet Vest BA
  5. TINE Midt-Norge BA

Konsernet eig desse dotterselskapa:

  1. Norseland Inc.
  2. Small People AS
  3. FellesJuice AS
  4. Diplom-Is AS
  5. Ostecompagniet AS
  6. Maritex AS

Tine har i tillegg mindre eigardelar i ei rad andre selskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Årsraport 2020» (PDF). Tine. Henta 10. juni 2021. 
  2. Rausjødalen setermeieri

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]