Tingvoll kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 62°54′42″N 8°10′53″E

Tingvoll kyrkje
Tingvoll kirke.jpg
Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Møre
Prosti:  Indre Nordmøre
Fellesråd:  Tingvoll
Sokn:  Tingvoll
Innvigd:  Kring 1180
Kyrkjegard:  Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Periode: Romansk
Materiale:  Stein
Mål:  32 x 23m
Tårn:  1787 - 36m høgt
Kor:  9,8 x 9,8m
Skip:  22,2 x 12,8m
Kyrkjerommet
Preikestol:  1632
Døypefont:  uviss - frå mellom 1400-1600
Altartavle:  1660

Tingvoll kyrkjeTingvollNordmøre er ei steinkyrkje som vart bygd kring 1180 i romansk stil med grunnplan som langkyrkje.

Tingvoll kyrkje is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Tingvoll kyrkje

Ho er ei av dei gamle steinkyrkjene som vart bygd i Noreg gjennom tidene som enno står og framleis er i bruk. Kyrkja og det store vinkelrette våningshuset i nærleiken, ligg på ein vakker plass på nordsida av Tingvollfjorden. I eldre tider var Tingvoll tingstad for Nordmøre og det er difor ikkje unaturleg at kyrkja vart bygd her.

Veggene i kyrkja er opptil 1,8 meter tjukke og har gangar inni, både på nordsida og sørsida. Dei går i trappetrinn bratt opp til murkrona oppunder sperrverket og så like bratt ned igjen. Det er ukjend kvifor dei vart bygde. Likeeins ein balkong på utsida oppe under røstet i korgavlen. Kyrkja er rikt dekorert; frå målingane på veggene i våpenhuset, kalkmåleria i skipet til taket i koret med stjerner og halv-månar.

I korveggen, bak toppen av altertavla er det innmura ein marmorstein med runeskrift. Denne innskrifta inneheld ei bøn og det ein trur er namnet på byggmeisteren: Gunnar. I 1928-29 var kyrkja gjennom ei heller stor restaurering. Det noverande interiøret stammar i hovudsak frå 1600-talet. Kyrkja blir nokre gonger kalla «Nordmørsdomen».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]