Tinkerbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tinkerbreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 74°00′S 164°50′E / 74.000°S 164.833°E / -74.000; 164.833
Lengd 40 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Tinkerbreen
74°00′00″S 164°49′59″E / 74°S 164.833°E / -74; 164.833
Tinkerbreen is located in Antarktis
Tinkerbreen (Antarktis)

Tinkerbreen er ein 40 km lang isbre i Antarktis, som drenerer den sentrale delen av Southern Cross Mountains og flyt søraust og ut i Wood Bay, på kysten av Victoria Land. Han vart namngjeven av den nordlege gruppa frå New Zealand Geological Survey Antarctic Expedition (NZGSAE), 1962–63, etter oberstløytnant Ron Tinker, som var sjef ved Scott-basen i løpet av den sesongen.[1]

Tinker bretunge er ei forlenging av Tinkerbreen som strekkjer seg ut i sjøen i nordvesthjørnet av Wood Bay på kysten av Victoria Land. Namnet vart foreslått av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) i samband med Tinkerbreen.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]