Tinnmaurfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tinnmaurfugl
Hofugl ved Rio Silanche nordvest i Ecuador Foto: Michael Woodruff
Hofugl ved Rio Silanche nordvest i Ecuador
Foto: Michael Woodruff
Utbreiing
Utbreiinga av Tinnmaurfugl
Utbreiinga av Tinnmaurfugl
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurfuglar Thamnophilidae
Slekt: Cercomacra
Art: Tinnmaurfugl C. tyrannina
Vitskapleg namn
Cercomacra tyrannina

Tinnmaurfugl, Cercomacra tyrannina, er ein mellomstor maurfugl i den biologiske familien Thamnophilidae. Arten har leveområde i tropisk Sentral-Amerika og Sør-Amerika frå søraustlege Mexico sørover til vestlege Ecuador og til Amazonas i Brasil.

Dette er ein vanleg fugl i tett underskog i våte skogsområde, spesielt i utkantar og lysningar, og i tilstøytande høg gjenvekst skog. Hoa legg to kvite egg med raudbrune flekker, som blir ruga av begge kjønn i eit lite, djupt koppforma reir av plantefiber og visne blad, som er hengt opp frå gaffelen av ei tynn grein eller slyngstenglar lågt i eit tre. Begge foreldre matar ungane.

Tinnmaurfugl er vanlegvis 14,5 cm lang, og veg 18 gram. Den vaksne hannen er hovudsakleg svartgrå over og lysare grå under, med to kvite vengeband. Hoa har brun overside og raudbrun-kanelfarga undersida. Unge fuglar, spesielt hannar, er mørkare enn dei vaksne. Nøyaktige fjørdraktnyansar varierer geografisk, sidan det er ei rekkje underartar av denne maurfuglen.

Denne arten har eit plystra kick rop, og songen er ein duett, hannen med ein stigande fløytetone pu pu pe pi pi som hoa følgjer opp med si mjukare, rykkande juu-ut juu-ut juu-ut juu-ut juu-ut.

Tinnmaurfugl lever normalt som par gjennom heile året, og ikkje i fleirartsflokkar. Dei beitar på insekt og andre leddyr plukka frå kvister og lauvverk i kratt eller slyngplanteflokar. Denne arten er enklare å observere frå lyden enn å sjå i den tette vegetasjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tinnmaurfugl