Tinnosbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tinnosbanen
MF «Storegut» ved Tinnoset.
Info
Type Industribane/sidebane
Status Tinnoset–Notodden utan regulær trafikk
Notodden–Hjuksebø i drift
Utgangsstasjon Tinnoset
Endestasjon Hjuksebø
Drift
Opna 9. august 1909 og 17. desember 1917
Elektrifisert 11. juli 1911 og 7. mai 1936
Eigar Jernbaneverket
Type trafikk Persontrafikk linje 52
Notodden–Hjuksebø
Teknisk
Sporvidde normalspor
Lengde 49 km
Største stigning ø 27 ‰ (Svelgfossjuvet[1])
maks 87 ‰ (km 164,41 ved Årlifoss)
Tunnelar 9

Tinnosbanen er frå 2008 Jernbaneverket si nemning på jernbanestrekninga mellom Tinnoset og Hjuksebø. Før 2008 var Tinnosbanen berre den 30,0 km lange strekninga mellom Notodden og Tinnoset, medan heile strekninga frå Tinnoset til Hjuksebø var ein del av Bratsbergbanen. Strekninga mellom Notodden og Hjuksebø blir betent av NSBs linje 52.

Strekninga mellom Nesodden og Tinnoset er freda av Riksantikvaren.[2] I 2015 vart Tinnosbanen innskrive på UNESCO si verdsarvliste som ein del av Rjukan-Notodden industriarv.[3]

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Tinnosbanen, som opphavleg gjekk frå Notodden brygge ved Heddalsvatnet, vart bygd som privatbane av Norsk Transportaktieselskap. Han vart bygd som delstrekning for å transportere kunstgjødsel frå Norsk Hydro sin fabrikk på Rjukan til hamna i Skien. Første tog kjørte frå Notodden til Tinnoset 18. februar 1909, banen vart offisielt opna 9. august same år.

Banen vart ferdig elektrifisert 11. juli 1911 og er Norges første elektrifiserte normalspora jernbane. Den opphavlege transportkjeda var:

I 1917 vart Bratsbergbanen opna mellom Notodden og Borgestad, og erstatta lektertrafikken mellom Skien og Notodden. Notodden nye stasjon, som vart bygd i 1917, vart ikkje teken i bruk før den nye jernbanestrekninga vart opna.

Frå 1. juli 1920 til 1. juli 1955 tilhøyrte denne strekninga (saman med strekninga Notodden-Porsgrunn) statsbaneselskapet Tinnoset-Porsgrunnbanen (banemerke T.P.B.). Frå 1. juli 1955 vart heile strekninga ein rein statsbane. Den 1. januar 1991 vart persontrafikken lagt ned på strekninga, og 5. juli same år godstrafikken etter at kunstgjødselproduksjonen på Rjukan hadde blitt nedlagt.

Jenbaneverket har teke til å oppgradere Tinnosbanen mellom Tinnoset og Notodden slik at linja skal bli køyrbar.[4] Dette skjer på bakgrunn av at Riksantikvaren 17. juni 2008 tilrådde at anlegga Rjukan – Notodden blir tekne opp i den tentative lista for UNESCOs verdsarvliste.[5]

Linjekart[endre | endre wikiteksten]

Tinnoset stasjon.
Lisleherad stasjon.
Foto: Trond Strandsberg (2007)
Hjuksebø stasjon under bygging.
Foto: Anders Beer Wilse (1916)
Sam Eyde talar på Notodden stasjon ved opninga av banen.
Teiknforklaring
V Vis vegar H historikk
frå MælRjukanbanen
Tinnoset
km 175,12 Tinnoset S 9.8.1909 194 moh.
37 Gransheradvegen
km 170,45 Gransherad sidespor S 9.8.1909 187 moh.
km 167,39 Rugholt hp 9.6.1947
km 166,06 Gaupesprang (Tinnelva, 54 m)
Liengrenda
km 164,09 Årlifoss hp 15.3.1913 157,3 moh.
km 163,62 SKK sidespor
km 162,81 Kleivdal 23m
Fv601
km 159,64 Grønvollfoss N (194 m)
km 159,33 Grønvollfoss S (47 m)
km 158,99 SKK sidespor
km 158,70 Grønvollfoss sidespor Sp 9.8.1909 (flytta 7.3.1933) 137 moh.
Fv601
km 155,67 Storemo hp 6.12.1945
km 155,18 Stormobrua (Tinnelva, 67 m)
km 152,47 Håve hp 20.12.1951
Dårstulåa (ca. 20 m)
km 151,02 Lisleherad S 9.8.1909 134 moh.
km 149,94 Kirkedalen tunnel 248m
Svelgfossjuvet
km 148,55 industrispor Isola AS
Lienfossvegen
km 147,25 Lienvegen hp 21.1.1957
Lienvegen
km 145,89 Notodden nordre tunnel 235m (oppr. 240m)
km 145,72 Notodden nye stasjon S 15.12.1917 34 moh.
Notodden kollektivterminal (2004)
Notodden kollektivterminal (2004)
km 145,72 Notodden gamle stasjon (S 9.8.1908, nedl. 15.12.1917)
Notodden søndre (155 m)
Gjestrud (51 m)
km 141,57 Tinnegrend (1918 - 2004)
360 Tinnegrend (34 m)
km 139,85 Tveitan (1939 - 2004)
Skogen (116 m)
Hjukseelva (164 m)
Hjukse (100 m)
km 138,53 Trykkerud (1939 - 2004, 2008 -)
Sørlandsbanen frå Kongsberg
km 136,24 Hjuksebø (persontrafikk 1917 - 2004) 156,7 moh.
til Nordagutu

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tinnosbanen». gransherad.net. Henta 5. juni 2011. 
  2. http://www.jernbaneverket.no/no/Nyheter/Nyhetsarkiv/2012/Setter-i-stand-bygningane-langs-Tinnosbanen/[daud lenkje] Jernbaneverket
  3. «Verdensarven på Rjukan og Notodden». Riksantikvaren. 6. juli 2015. Henta 21. september 2017. 
  4. «Tinnosbanen vert sett i stand». Jernbaneverket. 17. februar 2010. Henta 8. mars 2010. 
  5. «Rjukan-Notodden kan bli verdensarv». Riksantikvaren. 14. august 2008. Henta 9. mars 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]