Tinnsjå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tinnsjå
Tinnsjå -
Stad Notodden, Tinn (Telemark)
Koordinatar 59°52′38″N 08°55′52″EKoordinatar: 59°52′38″N 08°55′52″E
Overflateareal 51,43 km²
Største djupne 460 m
Vassvolum 9,71 m³
Kystlengd1 95,47 km
Høgd over havet 191 moh
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Tinnsjå, også kalla Tinnsjøen eller Tinnsjø, er ein innsjø delt mellom kommunane Tinn og Notodden i Telemark fylke. Innsjøen har eit areal på 51 km² og er 460 meter på det djupaste. Frå vest kjem Måna frå Møsvatnet og Rjukan, frå nord kjem elva Mår frå innsjøen Mår, Gøystavatnet og Kalhovdfjorden. Tinnsjå er ein del av Skiensvassdraget, og vert drenert via Tinnelva i sør, ned til Heddalsvatnet. Tinnsjå er den tredje djupaste innsjøen og den tjuande største.

Under den andre verdskrigen, i 1944, vart tinnsjøferja DF «Hydro» sprengt av norske motstandsfolk på Tinnsjøen. om bord hadde ho ei last med tungtvatn. Vraket av ferja vart lokalisert av eit dykkarlag frå Notodden i 1993. I 2004 vart vraket igjen undersøkt då eit amerikansk filmselskap skulle gjere opptak av vraket.

Stader ved Tinnsjø[endre | endre wikiteksten]

Tinnsjå sitt hovudtilløp er via elvane Måna og Mår.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tinnsjå