Tino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tino sett frå fastlandet

Tino er ei øy i Liguriahavet i Italia i vestenden av bukta La Spezia. Ho er ein del av ei øygruppe av tre øyar sør for fastlandet ved Portovenere. Den største av dei tre øyane er Palmaria som ligg i nord, medan den litle Tinetto ligg i sør.

I 1997 vart øygruppa i lag med Portovenere og Cinque Terre ein del av UNESCO si verdsarvliste.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vernehelgenen for La Spezia-bukta, St. Venerius (italiensk San Venerio), skal ha budd på øya som ein eremitt og seinare som abbed fram til han døydde i 630. Minnefestdagen hans vert feira her kvart år den 13. september. Ein meiner at det vart bygd ein heilagdom der Venerio døydde med leivningane hans og dette vart utbygd til eit kloster på 1000-talet. Ein kan framleis sjå ruinane av klosteret på nordkysten av øya.

I dag er øya ein del av ei militærsone. Det står eit fyr på øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]