Tirana
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Tiranë | |
|---|---|
| Utsyn over Skanderbeg-plassen i Tirana. | |
| Styresmakter | |
| Land | Albania |
| Grunnlagd | 1614 |
| Borgarmeister | Edi Rama |
| Geografi | |
| Flatevidd - By |
41,8 km² |
| Innbyggjarar - By (2003) |
353.400 |
| Høgd over havet | 110 m |
| Tidssone | UTC +1 (UTC1) |
| Diverse anna | |
| Nettstad: www.tirana.gov.al | |
Tirana (albansk Tiranë) er hovudstad og den største byen i Albania. Offisielt har han 353 400 innbyggjarar (2003), men uoffisielle overslag går så høgt som 700 000.
Tirana vart grunnlagt av den osmanske hærføraren Sulejman Pasha i 1614. Opphavet til namnet er usikkert; ein populær teori er at han er oppkalla etter Teheran etter Pasha si erobring av Persia.[1] I 1920 vart byen utnemnt til mellombels hovudstad, som eit kompromiss mellom dei nordlege og sørlege delane av Albania.