Tiriltunga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tiriltunga er namnet på ei norske folkemusikk kvedargruppe som vart skipa hausten 1983.[1] Med i gruppa var Kari Lønnestad frå Telemark, Heidi Løvlund frå Telemark og Gunnlaug Lien Myhr frå Hallingdal. Samarbeidet mellom Gunnlaug og Heidi tok til då dei møttest på Voss Folkehøgskule hausten 1980. Tradisjonsstoffet deira vart for det meste henta frå eigne bygder, men dei nytta og stoff frå Røros, Trøndelag fylke, i samarbeid med spelemannen Sven Nyhus. I tillegg laga dei og melodiar sjølve.

Alle jentene song, og arrangementa vart laga for dei tre stemmene i fellesskap. Heidi Løvlund tok seg av sjølve noteskrivinga. Elles nytta dei og tradisjonelle og mindre tradisjonelle instrument:

Den første plata deira, Tiriltunga, vart slept i 1985, og vart ein suksess i folkemusikkmiljøet. Gruppa sette truleg standard for arrangert folkemusikk dei følgjande åra. På denne tida samarbeidde dei og med Geirr Lystrup.

Den andre plata, Det er tungvint fri, vart slept som CD i 1992, og bar preg av å vera endå meir gjennomarbeidd. Men no var jentene ved å gå kvar til sitt, og det vart ikkje fleire plater med Tiriltunga. Samarbeidet vart og innstilt da Heidi Løvlund vart sjuk og seinare døydde av kreft.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Gjennom karrieren hadde bandet gitt ut følgende tre studioalbum:[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tiriltunga». Last.fm. Henta 18 februar 2024. 
  2. «Albums». Last.fm. Henta 18. februar 2024. 
  3. «Tirilltunga». Henta 18. februar 2024. 
  4. «Kåte ungdomsdagar». Henta 18. februar 2024. 
  5. «Det Æ Tungvint Fri». Henta 18. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]