Tiriltunge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tiriltunge


lcrau

Tiriltunge
Tiriltunge

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Familie: Fabaceae
Slekt: Lotus
Art: L. corniculatus
Vitskapleg namn
Lotus corniculatus

Tiriltunge er ei plante i ertefamilien. Ho er utbreidd i Europa, Asia og det nordlege Afrika. I Noreg veks ho i turre bakkar, vegkantar og på kulturmark over heile landet, meir sjeldan lengst nord. På Hardangervidda er ho funnen opp til 1405 m.o.h.

Planta har blågrøne småblad utan tydelege sidenervar. Oftast tre-fire blomstrar saman. Gule kronblad, litt raudfarga utvendes. Tiriltunga blømer omkring juni.

Tiriltunga lever i symbiose med ein bakterieart, Rhizobium leguminosarum, som veks i ertestore knollar på rotsystemet. Denne bakterien har evna til å binde opp nitrogen frå lufta, og nitrogenet er til nytte for tiriltunga. I staden får bakterien vatn og mineralnæring.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Wikipedia på norsk bokmål.
  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tiriltunge