Tiszasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tiszasjøen
Tiszasjøen -
Stad Bács-Kiskun
Koordinatar 47°33′56″N 20°37′54″EKoordinatar: 47°33′56″N 20°37′54″E
Type innsjø Reservoar
Tilsig Tisza
Utsig Tisza
Tilknytte land Ungarn Ungarn
Største lengde 27 km
Overflateareal 127 km²
Middeldjupne 1,3 m
Største djupne 17 m
Øyar 43 km² med småøyar

Tiszasjøen (ungarsk Tisza-tó, óg kalla Kisköre-reservoaret (ungarsk: Kiskörei-víztározó) er den største kunstige innsjøen i Ungarn. Han ligg heilt søraust i fyklet Heves, nær grensa til fykla Borsod-Abaúj-Zemplén, Hajdú-Bihar og Jász-Nagykun-Szolnok.

Reservoaret vart bygd på elva Tisza for å kontrollere flaumfarane og vart bygd i 1973. Fyllinga var ferdig på 1990-talet og gav eit areal på 127 km². Innsjøen er 27 km lang med eit middeldjup på 1,3 m og eit maksimalt djup på 17 m. Han inneheld 43 km² med småøyar.

Etter reserovoaret stod ferdig byrja ungarar å nytte innsjøen som feriestad og vart eit bra alternativ den overfylte og dyre Balatonsjøen, den tradisjonelle feriestaden i Ungarn. Som følgje av dette har turistinfrastrukturen vorte utvikla ved reservoaret og den ungarske regjeringa har erklært området som eit offisielt turistmål.

Innsjøen (eller reservoaret) har ein ny lokal økologi med eit mangfald av fuglar, planter og dyr.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]