Titicaca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei flytande øy i Titicaca.
Foto: Hans-Peter Hein
Kart over Titicaca

Titicaca (spansk Lago Titicaca), òg kalla Titicacasjøen, ligg i Andes på grensa mellom Peru og Bolivia. Han er den innsjøen med kommersiell sjøfart i verda som ligg høgst over havet, på heile 3800 moh. Han har eit areal på 8 372 km², er derfor største innsjøen i Sør-Amerika når ein ser bort frå Maracaibo-sjøen som har kanal mot Det karibiske havet. Titicacasjøen har ei maksimal djupn på 280 m og ein middelverdi på mellom 140 og 180 m.

Det finst mange kystbyar ved Titicaca – største byen er Puno. Ikkje langt frå sjøen, i søraust, ligg ruinbyen Tiwanaku frå før inkatida.

Kjelder [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Titicaca
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.