Titisee

Koordinatar: 47°54′N 8°09′E / 47.900°N 8.150°E / 47.900; 8.150
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Titisee
innsjø
Utsyn frå Hochfirst
Land  Tyskland
Tilsig Seebach
Utløp Gutach
Høgd over havet 845 moh.
Areal 1,3 km²
Middeldjupn 20 m
Største djupn 40 m
Koordinatar 47°54′N 8°09′E / 47.900°N 8.150°E / 47.900; 8.150
Byar Titisee-Neustadt
Kart
Titisee
47°53′36″N 8°08′46″E / 47.893333333333°N 8.1461111111111°E / 47.893333333333; 8.1461111111111
Wikimedia Commons: Titisee

Titisee er ein innsjø sør i Schwarzwald i Baden-Württemberg i Tyskland. Det er sagt at han fekk namnet sitt frå den romerske keisaren Titus. Han dekkjer eit areal på 1,3 km² og er 40 meter djup på det djupaste. Innsjøen vart danna av Feldbergbreen, som grov seg ned i området under den siste istida før han trekte seg tilbake. Titisee ligg 840 meter over havet og utsiget skjer gjennom elva Gutach (eller Wutach som ho vert kalla lenger nede). På nordsida av innsjøen ligg det ein kurstad med same namn som innsjøen, og som i dag er ein del av byen Titisee-Neustadt.

Vintertid[endre | endre wikiteksten]

På grunn av vind tar det som regel litt tid før Titisee frys til om vinteren. Når innsjøen vert islagd vert det gjort daglege målingar av tjukkleiken til isen, og ved ein tjukkleik på 16 cm er det lov med ferdsel på innsjøen. Berre delar av innsjøen vert derimot opna. Desse reguleringane kom i kraft etter ei ulykke tidleg i 1980-åra. Fram til då hadde innsjøen vorte nytta til rullebane for små fly. Ein traktor med snøplog brukte å halde landingsstripa fri for snø. Ein vinter braut derimot traktoren gjennom isen og sokk til botn av innsjøen utan at sjåføren kom seg ut.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Titisee

Kjelde[endre | endre wikiteksten]