Titlis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Titlis
fjell
Titlis
Land  Sveits
Kanton Obwalden, Bern
Fjellkjede Urner-Alpane
Høgd 3 238 moh.
Primærfaktor 970 m ↓  mot Dammastock
Koordinatar 46°46′21″N 8°26′14″E / 46.77250°N 8.43722°E / 46.77250; 8.43722
Førstestiging ein munk
 - dato 1739
Kart
Titlis
46°46′19″N 8°26′16″E / 46.771944444444°N 8.4377777777778°E / 46.771944444444; 8.4377777777778
Wikimedia Commons: Titlis

Titlis er eit 3 238 m høgt fjell i Uri-Alpane i Sveits. Fjellet ligg på grensa mellom kantonane Obwalden og Bern i Sveits, nær ved Engelberg (Obwalden). Verdas fyrste tovegs kabelvogn vart oppført til fjellet Titlis. Systemet med kabelvogner knyter Engelberg saman med toppen Klein Titlis (3028 m) gjennom tre strekningar. Den fyrste vogna går frå Gerschnialp (1262 m), den neste frå Trübsee (1796 m) og den siste frå Stand (2428 m). Fjellet er det høgaste punktet i Obwalden.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Titlis ligg mellom kommunen Engelberg i nord og kommunen Gadmen i sør. Den fyrstnemnde kommunen ligg i Obwalden, den sistnemnde i kantonen Bern.

Titlis er det høgste fjellet i ei vel 20 km lang fjellrekke som ein svak boge strekker seg frå vest-sørvest til nordaust mellom Haslital i Bern på den eine sida og Reusstal med elva Reuss på den andre. Mot sør og aust reiser Titlis seg med store, bratte fjellveggar. I vestleg retning leier ei smal, hakkete egg over til grannetoppen. Einast mot nord, til Engelberg, fell landskapet relativt moderat nedover fordelt på to større terrassar.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Berggrunnen består i hovudsak av kalksediment, så geologisk høyrer Titlis til Aar-massivet.

Toppen og området under er dekt av ein isbre. Isbreen har i den seinaste tid minka så mykje at dei lokalkjente ser tilbakegangen, skilnaden frå år til år.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Titlis skal ha vore klive av ein (namnlaus) munk frå klosteret i Engelberg i året 1739. Ei anna kjelde seier at eit taulag beståande av fire personar i 1744 var dei aller fyrste som nådde toppen. Sidan fjelltoppen er rimeleg greitt tilgjengeleg kan det godt tenkast han har vorte kliven enno tidlegare.

21. januar 1904 vart dei to engelbergarane Joseph Kuster og Willi Amrhein dei fyrste som gjekk på ski heilt til topps på Titlis.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]