Tito Jackson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Toriano Adaryll "Tito" Jackson (fødd 15. oktober 1953) er ein den tredje eldste i Jackson-familien frå Gary, Indiana, og ein av medlemene i The Jackson 5.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tito var med i The Jackson 5 heilt frå byrjinga, og ulikt fleire av dei andre syskena sine, satsa han ikkje på nokon solokarriere i ungdomen. Men han song solo på fleire av songane til gruppa, m.a. We Can Change The World. I 1985 deltok han saman med mange andre artistar på hit-songen We are the World, som skulle vera til hjelp for svoltofra i Afrika.

Tito har vore gift med Dolores Martes, og dei har tre søner saman. Desse tre, ofte omtala som "nevøane til Michael Jackson" danna boybandet 3T, som debuterte med soloalbumet Brotherhood i 1995. Særleg singelen Anything frå debutplata, vart vidgjeten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk Wikipedia om Tito Jackson, henta inn 4. april 2011.