Tityridae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tityridae


Storbekard Pachyramphus validus Foto: Dario Sanches
Storbekard
Pachyramphus validus
Foto: Dario Sanches

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Tyrannidae
Slekter

Tityridae er ein biologisk familie av sporvefuglar som finst i neotropisk skogshabitat. Dette er små til mellomstore fuglar. Dei fleste har relativt korte stjert og stort hovud.

Dei rundt 30 artane i familien var tidlegare spreidd over familiane tyrannar Tyrannidae, manakinar, Pipridae og kotingaer, Cotingidae.

Eksistensen av familien Tityridae, sjølv om han den gongen berre var handsama som ein klade, vart først foreslått i 1989 basert på morfologi av fleire eigenskapar med syrinx og skjelett.[1] Førebels finst det ikkje allment akseptert namn for familien, korkje på norsk eller engelsk språk. På engelsk har 'Tityras and allies' vore brukt, som svarar til 'tityraer og nærskyldte' eller berre tityraer på norsk.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Nyare genetiske bevis peikar mot at skarpnebb høyrer heime i denne familien [2][3], den søramerikanske klassifiseringskomiteen tilrår at han haldast som incertae sedis framtil den nye plasseringa er stadfesta av fleire data. Svarthalekotinga, Phibalura flavirostris, og fuglekongekotinga, Calyptura cristata, står i ei liknande stilling.

Tityraer i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.4 frå desember 2009[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Prum, R. O., & W. E. Lanyon. 1989. Monophyly and phylogeny of the Schiffornis group (Tyrannoidea). Condor 91: 444-461.
  2. Ericson, P. G. P., D. Zuccon, U. S. Johansson, H. Alvarenga, and R. O. Prum. 2006. Higher-level phylogeny and morphological evolution of tyrant flycatchers, cotingas, manakins, and their allies (Aves: Tyrannida). Molecular Phylogenetics and Evolution 40:471-483.
  3. Ohlson, J. I., R. O. Prum, and P. G. P. Ericson. 2007. A molecular phylogeny of the cotingas (Aves: Cotingidae). Molecular Phylogenetics and Evolution 42:25-37.
  4. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood. 2009. The Clements checklist of birds of the world: Version 6.4 Lest 14. august 2010
  5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)