Tivoli Neu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ombygging i 2006

Tivoli Neu  er eit multifunksjonelt stadion i Innsbruck, Austerrike. Stadionet kan bli brukt til konsertar og store arrangement, men det er mest brukt til fotballkampar, og er heimebanen til fotballklubben FC Wacker Innsbruck. Det har ein sentral plassering, og ein kan lett reise til stadionet ved bruk av offentleg transport.

Tilskodarkapasiteten var før 17 400, men etter utbygginga i samband med EM i fotball 2008 blei kapasiteten utvida til 30 000. Stadionet blei opna 6. september 2000.