Tjøtta internasjonale krigskyrkjegard

Koordinatar: 65°50′44.9″N 12°23′36.9″E / 65.845806°N 12.393583°E / 65.845806; 12.393583
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

65°50′44.9″N 12°23′36.9″E / 65.845806°N 12.393583°E / 65.845806; 12.393583

Tjøtta internasjonale krigskyrkjegard

Kart
Tjøtta internasjonale krigskyrkjegard
65°50′45″N 12°23′37″E / 65.84580556°N 12.39358333°E / 65.84580556; 12.39358333

Tjøtta krigskyrkjegard er to krigsgravstader som ligg side ved sida av kvarandre på Nordøya på Tjøtta. Dei har kvar sitt namn, og kvar si historie.

Den eldste gravstaden er Tjøtta sovjetiske krigskyrkjegard, også kalla for «Russerkyrkjegarden». Her vart alle sovjetiske krigsfangar som døydde i Nord-Noreg samla og gravlagde etter andre verdskrigen. Den andre gravstaden er Tjøtta internasjonale krigskyrkjegard, ein krigskyrkjegard med gravene til dei døde frå fange- og troppetransportskipet MS «Rigel».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bautaen på Krigskyrkjegarden på Tjøtta.
Foto: Finn Bjørklid

Under krigen vart alle sovjetiske krigsfangar som døydde gravlagde på vanlege kyrkjegardar Etter krigen vart det bestemt at alle skulle flyttast og samlast på ein felles kyrkjegard på statens grunn på Tjøtta. Dette for betre å kunne ha oppsyn med personar frå Sovjetunionen som ynskte å besøke gravene. Kyrkjegarden vart innvia 8. juli. 1953. I ei inngjerda fellesgrav mot nord ligg 6 725 døde. Mot sør er det 826 enkeltgraver. Alle gravene er utan namn, men ein bauta med stjerne i relieff er reist på plassen.

Fangeskipet «Rigel» var på tur sørover då britiske fly bomba det 27. november 1944. I Narvik og Bodø hadde skipet teke om bord 2248 sovjetiske (russerar, ukrainerar, m.m.) krigsfangar, 103 tyske fangar og nokre serbarar, tsjekkarar og nordmenn. Det var og nokre hundre mann tysk eskorte og norsk bemanning, slik at ein reknar med at det var 2838 menneske om bord i transportskipet. Av desse døydde 2457. Dette vert rekna som det tredje største skipsforliset i verda. På denne krigsgravstaden ligg sovjetarar, tyskarar, serbarar, tsjekkarar, tyskarar og nordmenn gravlagde.

Norske krigskyrkjegardar vert forvalta av Krigsgravtjenesten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Fjermeros, Halvor (2013): Med lik i lasten; historien om operasjon asfalt, ISBN 82 430 0755 5
  • Soleim, Marianne Neerland (2004): Sovjetiske krigsfanger i Norge 1941-1945 - antall, organisering, repatriering. Doktoravhandling. Institutt for historie. Universitetet i Tromsø. Spartacus forlag, ISBN 9788230400432
  • Ericsson, Kjersti (2009): «Når dialogen brytes» i: Tidsskrift for Norsk Psykologforening, Vol 46, nummer 1, s. 81-85

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]