Tjoarvekrajgge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tjoarvekrajgge
grotte
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Sørfold kommune
Lengd 25,051 km
Geologi Karstgrotte
Oppdaga av Torbjörn Doj og Johannes Lundberg
 - dato 1993
Kart
Tjoarvekrájgge
67°36′35″N 15°41′31″E / 67.609611111111°N 15.691888888889°E / 67.609611111111; 15.691888888889

Tjoarvekrájgge (ofte forkorta til Tjorve) er den lengste og nest djupaste grotta ein kjenner til i Noreg. Ho ligg i Bonådalen i Sørfold kommune i Nordland. Marmorgrotta er kring 497 meter djup (høgdeskilnaden mellom høgaste og lågaste punktet i grotta) og lengda vart målt til 22 535 m i 2009.[1][2]. I ettertida er lengda auka, og per 2013 er ho 25 051 m.[3]

Historikk og utforskning[endre | endre wikiteksten]

Grotta vart funne så seint som i 1993 av dei svenske grottarane Torbjörn Doj og Johannes Lundberg, som òg utforska grotta i 1994. I 1993 vart den klassiske inngangen oppdaga. Same år vart inngangen Stalluoksa oppdaga, men ikkje ytterlegare utforska. I 1995 inviterte dei andre til vidare utforsking, og det vart ei internasjonal samling seinsommaren 1995. Etter samlinga i 1995 var det kartlagt vel 2200 meter med grottelengde, og det var klårt at det var ytterlegare eit stort potensial. I 1995 vart det òg gjort ein del utforsking i Stalluoksa, og endå ein ny inngang Østdøren vart funne same år, og det vart starta utforsking i han. Det vart tidleg klårt at dei ulike inngangane representerte ulike delar av grottesystemet, men det tok mange år før dei vart knytt saman.

Sidan 1995 har det vorte arrangert årlege utforskningssamlingar på seinsommaren, og einskilde år òg utforsking om vinteren. I 1997 vart Stalluoksa knytt saman med resten av grottesystemet. I 2000 vart Østdøren knytt saman med resten av grotta. Det vart det same året lagt ein stor innsats i kartlegging, og den totale kartlagde grottelengda auka då til 12 479 meter, og vart med det Noregs og Skandinavias lengste grottesystem. I 2008 auka lengda til totalt 21 814 m

Totalt har vel 70 stykke delteke i kartlegginga og utforskinga av grotta, og det har vore eit utprega internasjonalt prosjekt. Utforskinga er organisert i Tjoarvekrájggeprosjektet som består av dei mest aktive utforskarane. Det er publisert 3D-skisser, men endå ingen fullverdige grottekart.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Grotta er ei klassisk karstgrotte som er danna ved at vatn har passert gjennom sprekkar i fjellet og løyst opp marmoren rundt. Grotta ligg i eit nedbørsrikt område langs kysten av Nordland. Heile grotta ligg i ei nokså smal marmorstripe (mektigheit på ca. 50 m). Marmorstripa strekkjer seg frå botnen av Bonådalen, og opp mot eit karstplatå på høgfjellet mot vest. Geografiske tilhøve gjer at nokså store mengder med vatn har vorte kanalisert mot ei smal marmorstripe. Marmorstripa har eit fall på 30-50°.

Innan den nemnde marmorstripa ligg over 90 % av grotta i eit enkelt plan som følgjer fallet til marmoren, medan dei attverande 10 % av grottelengda blir utgjort av gangar i eit noko høgare lag i marmorstripa. Dei fleste inngangane ligg i det høgare laget, noko som fører til vertikale utfordringar for utforskarane då det vanlegvis er stup og sjakter for å kome ned i hovudplanet.

Grotta er ei utprega labyrintgrotte, og vanskeleg å ta seg fram i då det er vanskeleg å finne vegen i labyrinten. Grotta har minimalt med stalaktittar og stalagmittar og grotta er ikkje spesielt estetisk då det er mykje gjørme i grotta. Gangdimensjonane er særs varierande, frå så tronge at ein berre så vidt får pressa kroppen gjennom, til store fjellhallar. Den nest største naturlege fjellhallen i Noreg ligg truleg i grotta.

Alderen til grotta er vanskeleg å seie noko sikkert om, men det er ingen tvil om at historia til grotta strekkjer seg over fleire mellomistider.

Nomenklatur[endre | endre wikiteksten]

Grotta vart først kalla Čoarvvekraigi, som tyder reinsdyrhorngrotta eller hornholetlulesamisk. Namnet vart dels teke ut i frå den geografiske nærleiken til Horndalsvatnet som på lulesamisk heiter Čoarvvekjávri. Namnet vart seinare endra til Tjoarvekrájgge i tråd med revisjon i lulesamisk rettskriving. Ofte blir forkortinga Tjorve brukt. Tjoarvekrájgge blir både brukt som namn på den klassiske inngangen, og som namn på heile grottesystemet. Stalluoksa er lulesamisk og tyder laust omsett Trolldøra. Namnet syner til Trolldalen der fleire av inngangane ligg og på den mytologiske Stallo-skikkelsen frå Samisk mytologi.

Vidare utforsking[endre | endre wikiteksten]

Tjoarvekrájgge er enno under utforsking, og Tjoarvekrájggeprosjektet håpar at lengda vil auke dei neste åra. Tjorvekrájggeprosjektet legg ned eit stort arbeid i utforsking, kartlegging og dokumentasjon.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Worlds Longest Caves». 14.10.09. Henta 30. november 2013. 
  2. Norges lengste grotter
  3. «Worlds Longest Caves». 16.09.13. Henta 30. november 2013. 
  4. T. Finnesand, K. Davidsen, S. Grundstrøm, B. E. Johansen, J. Lundberg og R. Solbakk. 2007. Tjoarvekrájgge 1993-2007. Norsk Grotteblad 49: 28-68.