Tjumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tjumen
Тюме́нь
Treeinigheitsklosteret i Tjumen Foto: Sergej Prokudin-Gorskij (ca. 1912)
Treeinigheitsklosteret i Tjumen
Foto: Sergej Prokudin-Gorskij (ca. 1912)
Flagget til Tjumen Byvåpenet til Tjumen
Flagget til Tjumen Byvåpenet til Tjumen


Plassering
Tjumen is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Tjumen oblast
Grunnlagd
Bystatus
1586
1782
Borgarmeister Jevgenij Kujvasjev
Geografi
Flatevidd
 - By

235 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

549 900
  2 340 /km²
Koordinatar 57°10′″N 65°30′″EKoordinatar: 57°10′″N 65°30′″E
Høgd over havet 70 moh
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Postnummer 6250xx
Retningsnummer (tlf) (+7)3452
Bilnummer 72
Nettstad: www.tyumen-city.ru

Tjumen (russisk Тюме́нь) er ein by i Russland og administrativt senter for Tjumen oblast. Byen ligg ved elva Tura, på Det vestsibirske låglandet, rundt 2000 km aust for Moskva. Han hadde i 2007 550 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tjumen var den første russiske byen i Sibir, grunnlagd i 1586 av Fjodor I av Russland på staden der tatarbyen Tsjimgi-Tura låg. Tjumenområdet av Sibir-khanatet vart annektert til Russland av kosakken Jermak Timofejevitsj i 1585 og året etter vart byen Tjumen grunnlagt som eit russisk fort. Til å byrje med utgjorde streltsarar og kosakkar brorparten av folkesetnaden i Tjumen.

1600- og 1700-talet vart Tjumen eit viktig handelssenter og ein viktig by for produksjon av lêrvarer og handverk. I 1763 budde rundt 7000 menneske i Tjumen. I 1836 vart den første dampbåten i Sibir bygd i Tjumen og i 1885 vart byen knytt til den transsibirske jernbanen.

Under den russiske borgarkrigen vart Tjumen først kontrollert av admiral Aleksander Koltsjak og hans sibirske kvite arme, men i januar 1918 vart byen teke av den raude armeen.

På 1930-talet vart Tjumen ein av dei store sibirske industribyane i Sovjetunionen. Av produkta som vart laga i byen var dampbåtar, frakteskip, møblar, pelsverk og lêrklede.

Under den andre verdskrigen vart den balsamerte kroppen til Lenin flytta frå Moskva til eit skjult gravkammer i det som no er jordbruksinstituttet i Tjumen. Mange fabrikkar vart òg flytt frå den europeiske delen av Sovjetunionen til Tjumen. Mange slags militærutstyr vart produsert i byen. 14. august 1944 vart byen hovudstad i det vidstrakte Tjumen oblast.

I 1948 vart det oppdaga olje i Tjumenområdet og på 1960- og 1970-talet vart oljeindustrien ein sentral del av økonomien til byen.

Økonomi og næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Tjumen er i dag eit viktig senter for olje og gassindustrien i Russland. Levestandarden til Tjumens innbyggjarar er med unntak av Moskva den høgaste i landet. Selskap som Gazprom, LUKoil og Yukos har basert store delar av sine aktivitetar i Tjumen.

Elles er dei viktigaste industriane skips- og maskinbygging, i tillegg til produksjon av kjøttprodukt og kjemisk industri. Tjumen ligg ved hovudstrekninga på den transsibirske jernbanen og har ei elvehamn og ein internasjonal lufthamn, der flyselskapet UTair har hovudkvarteret sitt .

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Bysenteret består av ein kombinasjon av nyare bygningar og sjarmerande gamle tømmerhus. Lengre ut består byen av ei blanding av slitte bustadblokker frå sovjettida, nyare høghus og gamle tømmerbygningar.

Tjumen har kontinentalt klima, med varme somrar og kalde vintrar. Om vinteren bygger dei lokale innbyggjarane fleire isparkar med skulpturar av snø og is og leikeområde for barna.

Kjende personar frå Tjumen[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tjumen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]