Tobolsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tobolsk
Тобольск
Tobolsk rundt 1912. Foto av Sergej Prokudin-Gorskij.
Tobolsk rundt 1912. Foto av Sergej Prokudin-Gorskij.
Byvåpenet til Tobolsk
Byvåpenet til Tobolsk


Plassering
Tobolsk is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Tjumen oblast
Grunnlagd
Bystatus
1587
1590
Borgarmeister Ivan Olenberg
Geografi
Flatevidd
 - By

222 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

100 000
  450,5 /km²
Koordinatar 58°12′00″N 68°15′00″EKoordinatar: 58°12′00″N 68°15′00″E
Høgd over havet 90 moh
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Postnummer 626102–626159
Retningsnummer (tlf) (+7)3456
Nettstad: www.admtobolsk.ru

Tobolsk (russisk Тобо́льск, tatarsk Tubıl) er ein historisk hovudstad for Sibir og i dag ein vanleg by i Tjumen oblast i Russland med om lag 100 000 innbyggjarar. Byen ligg der elvane Tobol og Irtysj renn saman.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tobolsk vart grunnlagt av Jermak sine kosakkar i 1585–1586 under den første russiske framstøyten inn i Sibir nær ruinane etter hovudstaden til Sibir-khanatet, Qashliq. Han vart sete for viseregenten av Sibir og blømde opp på grunn av handel med Kina og Bukhara. Det var der den første skulen, teateret og avisa i Sibir vart oppretta. I The Further Adventures of Robinson Crusoe let forfattaren Daniel Defoe helten sin Robinson Crusoe opphalde seg i Tobolsk frå september 1703 til juni 1704.

Etter at territoriet vart administrativt oppdelt vart Tobolsk sete for generalguvernøren i Vest-Sibir heilt til det vart flytta til Omsk i 1820–1830. Mange sibirske byar hadde Tobolsk sitt våpen som ein del av sine opphavlege byvåpen, mellom andre Omsk, Tjumen og Tomsk og Omsk har framleis dette byvåpenet i dag.

Fram til Oktoberrevolusjonen (1917) var byen hovudstad for Tobolsk gubernija. Byen vart òg brukt som eksilstad. Mellom anna vart nokre av dekabristane frå 1825 sendt i eksil til Tobolsk. Byen vart mindre viktig etter at den transsibirske jernbanen ikkje vart lagt innom byen i 1890-åra.

I august 1917, etter Februarrevolusjonen, vart Tsar Nikolai II av Russland og familien hans ført hit for å leve i relativ luksus i det tidlegare huset til generalguvernøren. Men i april 1918, etter at den kvite armeen nærma seg byen, vart hele tsarfamilien skoten av den raude armeen i Jekaterinburg.

Økonomi og næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Økonomien i dagens Tobolsk er sentrert rundt eit stort oljeraffineri. Enkelte tradisjonelle handverk, slik som utskjering i bein, er bevart.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Tobolsk er den einaste byen i Sibir som har ein godt bevart stein-kreml, eller byfestning, bygt ved overgangen frå 1600- til 1700-talet. Dei kvite murane og tårna med ei samling av kyrkjer og palassliknande bygningar ligg flott til på ei høg elvebredd og vart erklært som ein nasjonal historisk og arkitektonisk skatt alt i 1870.

Dei viktigaste monumenta i kreml er St. Sofiakatedralen (1683–1686), ein overbygd marknadsplass (1703–1705), eit bispepalass (1773–1775) (no eit museum for lokalkunnskap) og det såkalla Svenskekammeret, med seks barokkhallar (1713–1716). Byen har nokre merkverdige barokke og nyklassisistiske kyrkjer frå 1700- og 1800-talet. Merkverdige er òg eit granittmonument til Jermak, bygt etter eit utkast av Aleksander Brullov i 1839.

Området rundt byen er rikt på forhistoriske kurganar og heidenske heilagdomar. Enkelte av desse daterer seg tilbake til rundt 1000 f.kr.

Kjende personar frå Tobolsk[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tobolsk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]