Toccata, adagio og fuge i C-dur, BWV 564

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Toccata, adagio og fuge i C-dur
BWV 564
Toccata, adagio og fuge av Johann Sebastian Bach
Sjanger Orgel
Periode Barokken
Komponert 1708
Publiseringsdato 1867
Typisk lengd 15:04

Toccata, adagio og fuge i C-dur, BWV 564 er eit orgelverk av Johann Sebastian Bach, komponert i 1708 i Weimar. Det signerte manuskriptet har berre tittelen «Toccata i C-dur», men stykket har vorte kjend under den fulle tittelen. Verket er av unik blant orgelverka til Bach ved at ein har eit sakte parti mellom forspelet og fugen, sjølv om han leikt med ideen i mange år. Preludium og fuge i C-dur BWV 545 finst i ei tidlegare utgåve (transponert til H-dur) som seinare dukka opp som ein sakte sats frå ein orgelsonate i C-dur.

Sjølv om melodien er laga fullt og heilt av Bach, er opninga av toccataen liknande strukturen og stilen i opninga av Preludium, fuge og chaconne i C-dur (BuxWV 137) av Dietrich Buxtehude, som Bach hadde vitja berre nokre få år tidlegare go som inspirerte Bach musikalsk til ein viss grad på denne tida. Etter den overlessa, improvisasjonsliknande opninga, glir verket over i ein kontrapunktisk del med nokre få korte tema i concertato-stil, der det vert veksla mellom full og forholdsvis sparsommeleg tekstur, som samsvarar tutti- og sologrupper i concerto grosso. Adagioen er skriven i to heilt forskjellige seksjonar. Den første er ein lett, arie-liknande melodi for høgrehanda over eit enkelt akkordakkompagnement, medan den andre og mykje kortare dele er markert Grave, og legg vekt på kromatiske progresjonar, forhaldningar og dissonans.

Fugen er bygd på eit påfallande, sterk fiolinistisk tema i 6/8 og går tilbake til den concerto-liknande stilen frå toccataen, med særs frie, glimrande parti og ein virtuos kadens på slutten.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]