Toccata og fuge i F-dur, BWV 540

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Toccata og fuge i F-dur
BWV 540
Toccata og fuge av Johann Sebastian Bach
Sjanger Orgel
Periode Barokken
Komponert 1713-1731
Publiseringsdato 1832-1834 i Leipzig
Typisk lengd 13:45
Satsar 2

Toccata og fuge i F-dur, BWV 540 er eit orgelverk av Johann Sebastian Bach. Ein trur at toccataen vart komponert etter 1714 og fugen før 1731. Somme forskarar trur at Bach slo dei saman frå tidlegare eksisterande verk og skapte dette verket.

Dei fleste orgelverka til Bach vart skriven då han var i Weimar (1708-1717). I løpet av denne perioden utvikla komposisjonsstilen hans seg særs mykje, særleg med tanke på fritt komponerte preludium eller toccataer og fuger.

BWV 540 vart publisert kvar for seg på 1700-talet. Mange meiner at toccaten vart skriven på ei anna tid enn, og truleg etter, fugen, noko som gjer at mange framfører dei to stykka kvar for seg. Begge dei to satsane vert rekna som meisterverk og kanskje den beste verket til Bach innan toccata- og fuge-sjangeren.[1]

Det er mogeleg at toccaten vart skriven for eit anna orgel enn det Bach nytta i Weimar. Den høgaste pedaltonen i stykket fanst ikkje på dette orgeleg. Ein fann det derimot i Weissenfels og i ei anna kyrkje i Köthen. Stykket er omfattande og varer heile 450 taktar.

Fugen er i røynda ein dobbelfuge som presenterer ein sterk kontrast til den føregåande toccataen.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 John Palmer. Toccata and Fugue, for organ in F major, BWV 540 (BC J39, 55, 73). Allmusic. Vitja 23. april 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]