Toccata og fuge i d-moll, BWV 565

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Toccata og fuge i d-moll
BWV 565
Toccata og fuge av Johann Sebastian Bach
Sjanger Orgel
Periode Barokken
Komponert 1703-1708?
Typisk lengd 09:06
Satsar 2

Toccata og fuge i d-moll (BWV 565) er namnet på eit orgelstykke som truleg vart skrive av Johann Sebastian Bach mellom 1703 og 1709. Det vert saman med Charles-Marie Widor sin Toccata rekna å vera det best kjende orgelverket og har vorte nytta mykje i populær media, som film, videospel, rockemusikk og ringetonar.

Analyse[endre | endre wikiteksten]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Første side av BWV 565 i kopien til Ringk

Som med dei fleste av orgelverka til Bach, finst det ikkje eit signert manuskript av BWV 565. Den nesten samtidige kjelda er ein kopi av Johannes Ringk, som er udatert. Ringk var elev hos Johann Peter Kellner. Det finst ingen musikkverk av han i dag og han er mest kjend for å ha kopiar av klaververk av Georg Böhm, Johann Pachelbel, Johann Heinrich Buttstett, Dieterich Buxtehude og mange andre viktige meistrar.[1] Tittelen på stykket i manuskriptet til Ringk var Toccata Con Fuga, som er endra til Toccata og fuge i dag. Fugen er truleg lagt til seinare, på same måte som Toccata, adagio og fuge, BWV 564, fordi i barokken vart slike orgelverk berre kalla Preludium eler Preludium og fuge. Kopien til Ringk har mange italienske tempo-merknader, fermataer (noko som kjenneteiknar kopiane til Ringk) og staccato-prikkar, noko som er særs uvanleg for tysk musikk før 1740. Desse markeringane er òg truleg noko Ringk eller ein annan noteskrivar har lagt til. Stykket finst òg i fleire kopiar frå 1800-talet, som alle direkte eller indirekte kjem frå manuskriptet til Ringk.

Historisk bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

BWV 565 har ein typisk enkel nordtysk struktur med ein fri opning (toccata), ein fuge og ein kort fri avslutning. Sambandet til den nordtyske orgelskulen vart lagt merke til tidleg av Bach-biografen Philipp Spitta i 1873, men dei mange resitative delane finn ein sjeldan i verk frå Nord-Tyskland og kan ha vore inspirert av Johann Heinrich Buttstett,[1] som har få overlevande verk etter seg, særleg Preludium og capriccio i d-moll, med liknande trekk. Ein passasjen frå fugen i BWV 565 (takt 36–37) liknar òg særs mykje på ein del frå Johann Pachelbels Fantasi i d-moll, Perreault 125. Verket til Pachelbel kan òg ha vore inspirasjonen bak fugen til Bach. Det var vanleg på denne tida å skape fuger på andre komponistar sine tema og fleire av verka til Bach er kjend for dette (BWV 574, 579, 950, osv.), samt ikkje-fuge-aktige verk som Passacaglia og fuge i C-moll, BWV 582, der bassmønsteret er lånt frå André Raisons orgel-passacaglia.

Toccata[endre | endre wikiteksten]

Somindikert av den aksepterte tittelen til stykket, er Toccata og fuge skriven i d-moll. Han er ikkje i dorisk toneart, slik nøkkelen indikerer, sidan det var vanleg i barokken å skrive i lause forteikn i staden for fast forteikn. Toccataen starta med enkle tonar i det øvre registeret til orgelet, dobla med ein oktav. Han ramlar så nedover mot det nedre registeret, der ein dimakkord dukkar opp, bygd tone for tone. Dette glir over i ein D-dur-akkord.

Opninga på J.S. Bachs Toccata og fuge i D-moll, BWV 565. høyr 

Dette vert etterfølgd av tre korte passasjar, som kvar gjentar eit kort tema og som kvar vert dobla med ein oktav. Seksjonen endar med ein dimakkord som vert oppløyst gjennom ei svingande handrørsle i ein d-moll-akkord. Den andre delen av toccataen består av fleire laust samanhengande parti og pedalen endrar dominantakkord til a-moll. Denne seksjonen glir over i ein tredje og siste del av toccataen, som nesten berre består av ein passasje dobla ved seksten og består av gjentakingar av det same tre-notar lange temaet, liknande dei doble passasjane i starten. Etter ein kort pedalbit endar stykket i ein d-moll-akkord.

Fuge[endre | endre wikiteksten]

Den firstemte fugen består nesten berre av sekstandedelsnotar med eit orgelpunkt sett opp mot eit kort tema som først fell, og så stig.

Etter den siste inngangen til fuge-melodien, endar stykket i H-dur. Frå der vert ein avsluttande del spelt som ein kadens, mykje lik sjølve toccataen, som glir over i ei rekkje akkordar etterfølgd av arpeggioar som går framover til andre parvise akkordar, kvar litt seinare enn den føregåande, og endar i ein finale som er like lett gjenkjenneleg som introduksjonen til toccataen.

Tilskriving[endre | endre wikiteksten]

I ein artikkel i1 981 viste musikkforskaren Peter Williams ei rekkje stilmessige problem i BWV 565. Desse omfatta, men var ikkje avgrensa til, følgjande, som alle anten er unike eller særs sjeldne for orgelmusikk i perioden då toccataen visstnok er frå:

  • Parallelle oktavar gjennom opninga av toccataen (unik)
  • Verkeleg subdominante svar i fugen (særs sjeldan)
  • Temaet vert spelt på pedalane, aleine utan dei andre stemmene (unik)
  • Primitive harmoniar gjennom stykket, med mottema i fugen som ofte flyttar seg gjennom tersar og sekstar (særs sjeldan hos Bach)
  • Avslutting av stykket i ein a-moll kadens (særs sjeldan)

Sidan nokre av desse trekka (enkle harmoniar eller pedalsoloen av temaet osv.) er typiske for musikk etter 1750, foreslo Williams at verket kan ha vore ei øving av ein seinare komponist, som prøvde å imitere barokkuttrykka. Eller, sidan ein finn mange av trekka (til dømes parallelle oktavar) i transkripsjonane av Bach-verk—om enn ikkje ofte—kan stykke ha vore ein transkripsjon av eit tapt fiolinstykke av Bach. Dette vert støtta av fugen og visse passasjar (som takt 12–15) tydelegvis er inspirert av fiolinmusikk.

Williams sette denne teorien ut i praksis og rekonstruerte det som kan ha vore det originale fiolinverket. Det vart framført av fiolinistane Jaap Schröder og Simon Standage og publisert.[2] Fleire andre har laga sine rekonstruksjonar. Ein veit at Bach transkriberte soloverk for fiolin til orgel minst to gonger. Den første satsen i Partita i E-dur for solofiolin, BWV 1006, vart omgjort av Bach for soloorgen i opningssatsen for kantaten Wir danken dir, Gott, wir danken dir, BWV 29. Bach transkriberte òg fuge-satsen frå Sonate i g-moll for solofiolin, BWV 1001 som den andre halvdelen av Preludium og fuge i d-moll for orgel, BWV 539.

Synet til Williams er støtta av mange andre musikkforskarar. Det er gjort bok-lange studiar av teorien av musikkforskaren Rolf-Dietrich Claus.[3] Ein av komponistane ein trur kan ha skrive verket, om det ikkje er av Bach, er Johann Peter Kellner, som hadde nære band til Bach.[4] Teorien om at det ikkje var Bach som skreiv stykket er derimot ikkje støtta av alle, mellom anna ikkje av Bach-forskaren Christoph Wolff. Han meiner at BWV 565 må vere eit tidleg verk og at dei parallelle oktavane kom av manglane på orgelet til Bach i Arnstadt.[5] Sjølv om mange komponistar gjennom hundreåra spelte på små orgel, er dei parallelle oktavane i opninga av BWV 565 unike i orgel-litteraturen, inkludert heile Bach-katalogen.[6]

Transkripsjonar[endre | endre wikiteksten]

Dette populære verket har vorte transkribert mange gonger. Mot slutten av 1800-talet kom ei «ny Bach-bølgje» der mykje av den instrumentale musikken til Bach vart tilpassa mellom anna solopiano og kammerensemble. Komponisten og pianisten Ferruccio Busoni (1866-1924) transkriberte mange Bach-komposisjonar for orgel, som ofte var radikalt annleis originale. Av desse finn ein Toccata og fuge.

Disney-filmen Fantasia frå 1940, opnar med Leopold Stokowskis transkripsjon for stort orkester av Toccata og fuge frå 1927. Stokowskis første plateutgjeving frå 1927 vart ein internasjonal bestseljar som introduserte musikken for mange platesamlarar. Han spelte inn stykket fleire gonger dei neste åra. Andre som har transkribert stykket for orkester er mellom andre Lucien Cailliet, René Leibowitz, Leonidas Leonardi, Alois Melichar, Eugene Ormandy, Fabien Sevitzky, Stanisław Skrowaczewski og Sir Henry Wood.

Det engelske bandet Sky, som spelar ei blanding av klassisk musikk og rock fekk ein hit med sitt arrangement av BWV 565 i 1980. Denne heitte berre «Toccata» og var arrangert for rockeband. Fiolinisten Vanessa-Mae gav ut ei poputgåve av verket i 1995. Denne nådde 24. plassen i USA.[7]

Det engelske hardrockbandet Deep Purple har nytta musikken som introduksjon til songen deira «Highway Star» på fleire konsertar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Toccata and Fugue in D minor, BWV 565» frå Wikipedia på engelsk, den 24. april 2010.
  • Butt, John. (ed.) 1997. Cambridge Companion to Bach. Cambridge University Press. ISBN 0-521-58780-8
  • Claus, Rolf-Dietrich. 1998. Zur Echtheit von Toccata und Fuge d-moll BWV 565. Verlag Dohr, 2nd ed. Cologne. ISBN 3-925366-37-7.
  • Fox-Lefriche, Bruce. 2004. The Greatest Fiolin Sonata That J.S. Bach Never Wrote. Strykarar xix/3:122, oktober 2004, 43-55.
  • Humphreys, David. 1982. The D-moll Toccata BWV 565. Early Music Vol. 10, No. 2.
  • Jones, Richard Douglas. 2007. The Creative Development of Johann Sebastian Bach: Music to Delight the Spirit. Volume 1: 1695-1717. Oxford University Press. ISBN 0-19-816440-8
  • Schulenberg, David. 2006. The Keyboard Music of J.S. Bach. CRC Press,
  • Williams, Peter F.. 1981. BWV 565: a toccata in D-moll for organ by J. S. Bach?, Early Music 9, juli 1981, 330–337.
  • Williams, Peter F.. 2003. The Orgel Music of J. S. Bach. Cambridge University Press. ISBN 0-521-81416-2
  • Wolff, Christoph. 2002a. Johann Sebastian Bach: The Learned Musician, Oxford University Press. ISBN 0-19-924884-2
  • Wolff, Christoph. 2002b. Zum norddeutschen Kontext der Orgelmusik des jugendlichen Bach: Das Scheinproblem der Toccata d-Moll BWV 565., Bach, Lübeck und die norddeutsche Musiktradition, ed. Wolfgang Sandberger (Kassel, 2002): 241–251.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Williams 2003, s. 155.
  2. New York Times-melding frå ei Standage-framføring
  3. Sjå Claus 1998.
  4. Humphreys 1982, s.216–217.
  5. Wolff 2002a, s. 72.
  6. Williams 1981.
  7. {{cite web|url=http://www.allmusic.com/artist/vanessa-mae-p141756 Vanessa-Mae

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Generell informasjon[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]