Toflekka treløpar
| Toflekka treløpar | ||
| Systematikk | ||
| Rekkje: | Arthropoda | |
| Underrekkje: | Hexapoda | |
| Klasse: | Insecta | |
| Orden: | Coleoptera | |
| Familie: | Cerambycidae | |
| Slekt: | Rhagium | |
| Vitskapleg namn | ||
| Rhagium bifasciatum | ||
Toflekka treløpar er ei bille i trebukkfamilien. Arten er ganske lett å kjenna att på dei to prikkane han har på kvar dekkvengje, og lever i store delar av Europa, Kaukasus og Litle-Asia. I Noreg ser han ut til å vera knytt hovudsakleg til kystnære område på Vestlandet, sidan det er så milde vintrar og så lite varierande klima der.
Levesett [endre]
Toflekka treløpar er ikkje vidare spesialisert. Ein finn han hovudsakleg i samband med bartre, men han kan òg nytta mange slags lauvtre. Larvane gneg som regel i fuktig, daud og rotnande ved i stubbar og liggande stammar, men dei finst òg stundom i ståande trevirke. Ein finn gangane deira hovudsakleg i yteveden, kor dei òg lagar puppekammeret sitt. Det er her billene vert klekt og overvintrar før dei kjem fram om våren.
Generasjonstida er to år eller meir.