Toggenburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toggenburg
Wahlkreis Toggenburg
valkrins
Landskap i Toggenburg med landsbyen Nesslau
Land  Sveits
Kanton kantonen St. Gallen
Areal 488,75 km²
Folketal 45 056  (desember 2010)
Kommunar 16
Kart
Toggenburg
47°17′58″N 9°05′13″E / 47.299444°N 9.086944°E / 47.299444; 9.086944
Wikimedia Commons: Toggenburg (Wahlkreis)

Toggenburg er namnet på den øvre dalen i Thur i kantonen St. Gallen i Sveits. Dalen er òg ein valkrins i kantonen.

Dalen går nordvestover frå vassdraget mellom Rhinen og Thur, og grensar i aust til Säntis og i sørvest til Churfirsten og Speer. Det er ein frodig dal som er kring 45 km lang frå kjelda til elva Wil ved jernbanelinja mellom Winterthur and St. Gallen.

Den høgasteliggande landsbyen i dalen er Wildhaus der Huldrych Zwingli, den sveitsiske reformatoren, vart fødd i 1484. Andre landsbyar er Lichtensteig, Kirchberg og Wattwil.

Dei 16 kommunane i valkrinsen er Bütschwil, Ebnat-Kappel, Ganterschwil, Hemberg, Kirchberg, Krinau, Lichtensteig, Lütisburg, Mosnang, Neckertal, Nesslau-Krummenau, Oberhelfenschwil, Stein, Wattwil og Wildhaus-Alt St. Johann.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]